Ny leiar i Sunnfjord Venstre

Tor Emil Olsen Foslid (30) vart vald til ny leiar under Sunnfjord Venstre sitt årsmøte søndag 19. januar, skriv lokallaget i ei pressemelding. 

Foslid tar over som leiar i Sunnfjord Venstre etter Åge Avedal, som har vore leiar sidan laget vart stifta i februar 2018. Med seg i styret får han Birgit Tansøy, Vigdis Tonning, Ole-Magnus Kapstad og Kurt Hafstad.

Aktiv innan volleyball

Foslid er opphaveleg frå Rakkestad kommune i Østfold. Han har budd det siste året i Jølster og seks år i Førde før det. Han har dei siste fem åra jobba ved Sunnfjord folkehøgskule, mest som lærar i volleyball, men det siste året som lærar ved E-sport aktiv-linja.

Foslid har master i historie og er for tida assistenttrenar for damelaget til Førde volleyballklubb og nestleiar i Sunnfjord Idrettslag.  

Tor Emil Olsen Foslid er inne i sitt andre år som politisk aktiv i Sunnfjord Venstre, og gleder seg til arbeidet som styreleiar i laget.

- Det er eit stort ansvar å engasjere seg innanfor politikken. Sjølv om vervet som leiar ikkje er eit folkevaldverv,  representerer eg alle medlemene i Sunnfjord Venstre og vil jobbe for alle som røysta på Venstre ved kommunevalet, seier Foslid i pressemeldinga.