Arkivbilete av flaum i Gloppeelva.

NVE melder om stor flaumfare i helga

Varmen i helga kan føre til stor vårflaum fleire stadar i helga.


Varmegradane som kjem i helga vil føre til stor snøsmelting i fjella. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder om flaum, jord og snøskred i heile landet, skriv NRK.


I Nord-Noreg skal det vere 95 prosent sannsyn for flaum med vedvarande alvorlege skadar, i Trøndelag er sannsynet for flaum 90 prosent, medan det i Sør-Noreg er 75 prosent sannsyn i Gudbrandsdalslågen ved Losna.


Ole Irgens, kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring, seier til NRK at dei forventar skadar på bustadhus og industri til ein halv milliard kroner. I tillegg kjem skadar på dyrka mark.


(©NPK)