Amerikakofferten til Mathias Hole frå Breim. Han reiste til Amerika i 1901, og ville kome tilbake etter nokre år, men det tok heile 40 år før han igjen sette foten i gamlelandet. Kofferten er ein av fleire gjenstandar du kan sjå og lære meir om i den nye utstillinga på Nordfjord Folkemuseum.

Nordfjordingen på reise gjennom tid og rom

Kva pakkar du tinga dine i når du skal på helgebesøk, sydenferie eller du regelrett flyttar? Og korleis var dette før? Det har sju elevar på Interiør og utstillingsdesign ved Eid vidaregåande skule sett nærare på i utstillinga «På reise», som no opnar på Nordfjord Folkemuseum.

– I dag reiser dei fleste av oss mykje i løpet av livet, og vi har store trillekoffertar som vi slepp å løfte på. Dei rommar gjerne mykje meir enn det vi treng den tida vi er vekke, og når vi flyttar har vi bilar fulle av kassar og anna, seier Sigrun Heggen Leivdal, som er lærar for klassa.

– Kjekt og spennande 

Ho leiar dei sju elevane som held på med siste innspurt for å få alt klart til opninga søndag 24. mars. Elevane har skrive tekstar, leita fram gjenstandar og planlagt korleis utstillinga til sjuande og sist blir sjåande ut. Utstillinga er ein viktig praktisk del av elevane si utdanning, og det er tredje året skulen samarbeider med Nordfjord Folkemuseum om ei utstilling.

– Vi synest det er veldig kjekt og spanande. Vi kan gje elevane innsikt i museumsarbeid på same tid som vi samarbeider mot eit felles mål. Elevane har gjerne andre innfallsvinklar eller idear, så det er utviklande for vår del også, seier formidlingsleiar Eva Marie Felde.

I utstillinga kan ein sjå både skipssekkar, amerikakoffertar, reisekister og meir nymotens reisevesker. Samstundes presenterer elevane fleire historier om eldre familiemedlemer sine forhold til reiser.

Personlege historier

For museet er amerikareisene som mange nordmenn la ut på kring 1860 og framover, eit naturleg emne å syne gjenstandar frå. For mange tvang utvandringa til Amerika seg fram på grunn av fattigdom og von om ei betre framtid. Parallellen til samtida, der mange menneske kring om i verda er på flukt frå krig, fattigdom og undertrykking, er lett å sjå, og noko elevane også har merka seg. To av elevane bak utstillinga har sjølve slike historier tett på. Naram Samman frå Syria og Khadra Mohammed Ahmed frå Somalia vil fortelje meir om deira familiar sine store reiser.

Lokalhistorikar Paul O. Tomasgard, som har skrive bok om fleire av dei som utvandra frå Hornindal, vil fortelje om kva nokre av desse tok med seg til Amerika.

Utstillinga står på Nordfjord Folkemuseum frå 24.mars til 2. juni. Museet held også ope i påska frå 18.-21. april for dei som ynskjer å få med seg utstillinga då.