Trollstigen. Foto: Paul Kleiven/NTB scanpix/NPK.

No opnar dei vinterstengde turistvegane

Dei vinterstengde turistvegane i Møre og Romsdal opnar for sesongen 16 mai, fortel Statens vegvesen.


Fylkesveg 63 Trollstigen blir opna torsdag etter å ha vore stengd sidan 7. desember i fjor. Vegen mellom Geiranger og Langvatn har vore stengd sidan 20. desember og opnar også 16. mai.


Vegvesenet minner om at det framleis er tidleg i sesongen, og at det kan kome mykje snø i fjellet.


– Vegane kan bli stengde på kort varsel om dei ikkje kan køyrast på med sommardekk eller om skredfaren aukar. Vi oppfordrar derfor dei som planlegg å køyre desse vegane om å sjekke trafikkmeldingane, seier seksjonsleiar Torgeir Bye i Statens vegvesen i ei melding på vegvesen.no. (©NPK)