Eigar Bård Huseby og dagleg leiar Inna Jorddal satsar på berekraft og kortreist mat hos Fjærland Fjordstove. Foto: Helle Frogner.

– Vi vil at du skal oppleve meir med mindre

Hos Fjærland Fjordstove får du ikkje TV, minibar eller rette linjer. I staden får du knirkete golv, kortreist mat og ro i sjela.

– Vi har ein avslappa atmosfære her, og låg terskel for at gjestane våre berre kan slenge seg i sofaen, seier Inna Jorddal, dagleg leiar på Fjærland Fjordstove.

Kjenne etter

Det kvite hotellet ligg idyllisk til i fjordkanten i Fjærland sentrum, med eiga brygge, kajakkar og båtar til utleige og gangavstand til både butikk og bokby, fjord og fjell. Det er ikkje mangel på aktivitetar for gjestane som tar inn på det vesle hotellet som stod ferdig i 1937.

Artikkelen held fram under annonsen.

I enden av den 27 kilometer lange Fjærlandsfjorden ligg det meste til rette for å nyte alt av kva den spektakulære Vestlandsnaturen har å by på. Aller mest vil likevel Inna og resten av vertskapet gje gjestane sjansen til berre å kjenne etter.

– Denne plassen inviterer til å senke skuldrene, seier ho.

Alle dei 14 romma er individuelt innreia, med utsikt anten til fjorden eller opp i fjella.

Magien

Difor har dei mellom anna valt ikkje å ha TV på dei 14 romma.

– Vi synest ikkje at det passar seg her, vi vil heller at dei skal lade opp sjela si. Å oppleve meir med mindre er viktig i dagens samfunn. Dei aller fleste av oss fyller opp timane våre til dagleg med alt mogleg. Så gløymer vi kanskje litt dette med berre å ta inn. Akkurat det får folk litt gratis her med oss. Magien av Fjærland gjer jobben sjølv, understrekar ho.

Kvar kveld klokka sju, sesongen gjennom, stiller Inna seg opp i hotellstova og fortel gjestane sine om historia til hotellet og bygda.

– Den talen gleder eg meg til kvar dag. Eg får slik fin kontakt med gjestane, og det er terapi for meg å stå og sjå utover fjorden og folka, smiler ho.

Kortreist

Fjærland Fjordstove har fokus på kortreist glede, anten det er å setje seg på verandaen og sjå på fjorden, ta ein fjelltur til Flatbrehytta, eller nyte eit betre måltid i restauranten. Hotellet oppnådde miljøfyrtårn-status i 2015, og har som mål å bruke berre kortreist mat, så langt som mogleg.

– Alt er heimelaga frå botnen av, med kortreiste grønsaker, kjøt og fisk. I tillegg har vi vår eigen vinimport, og får laga vårt eige Fjærlandsøl hos Kinn bryggeri i Florø. Vi brukar mykje ressursar og pengar på god mat og gode råvarer, smiler ho og fortel at mange av gjestane er villige til å betale litt ekstra for å få ei unik og ekte oppleving.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjordblikk: Å sjå i 20 minutt på vatnet kvar dag, skal ifølgje ekspertane vere balsam for sjela. – Det blir aldri feil med denne utsikta, seier Inna Jorddal.

God sesong

Hotellet har ope frå april til oktober, med plass til både små og store lag og arrangement, men mesteparten av gjestane deira er enkeltgjestar frå inn- og utland. I tillegg tar dei imot selskap utanom sesongen.

Jorddal fortel at reiselivsbransjen for alvor er byrja å vakne etter koronadvalen.

– Dei siste tre åra har bookingane byrja å kome inn i midten av april, men då hadde vi allereie fylt opp med 40 prosent av bestillingane, samanlikna med fjoråret. Så det teiknar til å bli ein svært god sesong.

– Men vi har framleis god plass til enkeltreisande, smiler vertinna.