Solgunn Sårheim Brakestad og gjengen på Bakar-Jon på Byrkjelo har det travelt om sommaren. Svært mange av dei forbipasserande på E39 stoggar for å få seg ein matbit eller to og kjøpe med seg kortreiste produkt.

Sommaren på segnomsuste Bakar-Jon

Inne på Bakar-Jon på Byrkjelo er det hektisk heile året, men om sommaren blir tempoet skrudd opp eit par ekstra hakk.

– Eg trur nok folk blir litt overraska når dei kjem innom dørene til oss. Vi har mykje meir å tilby enn kva dei trur når dei stoppar utanfor, seier dagleg leiar Solgunn Sårheim Brakestad.

Bognar

Det gule huset på Byrkjelo rommar mykje glede for auge og gane, og både butikken og kafeen bognar over av bakevarer, lokalmat, godteri, sjokolade og godt drikke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og ikkje minst is, smiler Sårheim Brakestad.

Den daglege leiaren fortel at både det søte og det salte er populært om sommaren, og lokale spekematprodusentar som Kandal Kjøt gjer det godt.

– Vi er ein av dei som sel mest av deira produkt, og har ekstra fokus på dei lokale produsentane. Til dømes går halvparten av den vekentlege produksjonen hos Olden Bryggeri til oss.

Stoppestad

Og det er slett ikkje berre dei lokale som nyt godt av den velfylte butikken. Gjetordet om dei gode brøda og den rause søtbaksten har nådd både Trondheim, Bergen og Oslo. Historier om brødbestillingar frå Hansabyen er det fleire av.

– Eg trur det er mange som har oss som fast stoppestad. I tillegg er det mange utanlandske turistar innom, dei er allereie byrja å kome. Det er veldig kjekt, og hektisk, smiler ho.

Populær

Så langt er det berre éin Bakar-Jon, men ifølgje Sårheim Brakestad er dei etterspurde i andre delar av landet òg.

– Ja, det er fleire som lurer på kvifor det ikkje finst ein slik butikk i deira by, smiler ho.

– Kan vi då kanskje om nokre år finne ein Bakar-Jon-filial i Bergen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tja, då må vi i alle fall klone eit par medarbeidarar herifrå først, ler ho.