Country-en er endeleg tilbake, og ifølgje arrangøren blir det fullt framfor scena på Norsk Fjordhestgard i år òg. Her frå konserten med Tanya Tucker i 2018.

Sikrar countrystemning i heile Gloppen

5 dagar, 17 konsertar, 27 artistar og 700 dugnadssjeler - Norsk Countrytreff er tilbake med full styrke 13. - 17. juli

Etter to år der pandemien herja og la si klamme hand over det meste av kultur- og festivalliv, er det mange arrangørar som ønskjer sommaren 2022 hjarteleg velkomen.

Rekord

Vestlandets største countryarrangement, Norsk Countrytreff stiller i år med eit fullpakka program og rekord på førehandssal av billettar.

– Vi har slite litt med motivasjonen under koronatida, men no er det veldig kjekt å kome i gang igjen og sleppe laust. Utifrå billettsalet kan det sjå ut til å bli tidenes største og beste Countrytreff, seier festivalsjef Arve Kleppe entusiastisk.

Han og resten av gjengen i Breim står spennklare i startgropa og ventar på å ta i mot det største tal artistar som det populære arrangementet nokosinne har hatt.

Nummer 26

Årets festival er nummer 26 i rekkja, og allereie onsdag brakar det laust med Åsmund Åmli Band i Kolbeins Saloon på Fjordhestgarden.

– Etter det går det slag i slag med 30 timar musikk berre på festivalområdet desse dagane, og i tillegg er vi ute i bygdene i heile Gloppen, frå Hyen til Byrkjelo, med konsertar for dei eldre, dei unge, og alle midt i mellom, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kleppe klarar ikkje å trekkje ut eit høgdepunkt ifrå programmet.

– Det er berre høgdepunkt, ler han, og held fram:

– Nokre av dei største banda i Noreg spelar i Breim denne helga, som Hellbillies, Gunslingers, Vassendgutane, Get Rhythm, Rotlaus og Ila Auto. Så har vi Carlene Carter, Whey Jennings og Seth Mulder frå over dammen. Vi har heilt bevisst lagt opp til eit fullstappa program, for å lokke folk ut igjen etter to år i dvale. Etter mi meining er dette det beste programmet vi har hatt, konstaterer countrysjefen.

Cash i kyrkja

Konserten i Breim kyrkje er eitt av festivalen sine mest populære innslag, og her er det ifølgje Kleppe om å gjere å vere tidleg ute, for kyrkja brukar å vere stappande full.

Åtte band spelar på kyrkjekonserten laurdag, mellom anna Get Rhythm som covrar Johnny Cash sine låtar.

– Stedottera til Cash, Carlene Carter, er siste artist ut i kyrkja, og det blir nok ei oppleving for både ho og publikum å høyre det norske bandet.