Namnet er ein attraksjon i seg sjølv
Nyopna kafé i sentrum av Fjærland, med fokus på gjenbruk både i interiør og namn.
Tidlegare Kaffistova har fått ny eigar og nytt namn, og opna på nytt i april. Sognauttrykket «Inkåleisn» rommar mykje, men for dei av oss som ikkje er fødde i Sogn, kan det best forklarast med «på ein eller annan måte».
David Mundal har pussa opp kafeen som ligg midt i sentrum i Fjærland, og her kan du kjøpe deg kaffi, kaker og lunsjrettar på dagtid. Mundal har òg planar om å halde arrangement på kveldstid i løpet av sesongen.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Inkåleisn» har eit tett samarbeid med Bokbyen, og du kan finne fleire kokebokskattar i hyllene i kafeen.