Noregs Bondelag oppmodar bønder til å ta direkte kontakt med politiet for å sikre mest mogleg effektiv prosess når ein skal få sesongarbeidarar frå tredjeland til Noreg.Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix/ NPK

Bør ta direkte kontakt med politiet om sesongarbeidarane

Noregs Bondelag oppmodar bønder til å ta direkte kontakt med politiet for å sikre mest mogleg effektiv prosess når ein skal få sesongarbeidarar frå tredjeland til Noreg.

– UDI har tett samarbeid med politiet og ønsker at det skal gå effektivt med effektuering etter at sesongarbeidarane kjem til Noreg. Ifølgje UDI prioriterer politidistrikta no sesongarbeid og vil leggje til rette så godt det er mogleg for effektuering av løyve. Det er litt ulikt korleis politidistrikta løyser det ut ifrå kapasitet, så oppfordringa er å ta direkte kontakt med det lokale politidistriktet, skriv Bondelaget på nettsidene sine.

UDI melder at dei har behandla hovuddelen av søknader om sesongarbeid for sesongen 2020. Dei har hatt eit tett samarbeid med utanriksstasjonane, særleg i Bangkok og i Ankara slik at sesongarbeidarane så fort som mogleg skal få innreisevisum og naudsynt dokumentasjon for å kunne reise til Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.