Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen vil halde eit innlegg om «Internasjonal handel og konkurranseposisjonen til næringslivet i Sogn og Fjordane» under Næringsdagane i Førde i byrjinga av mai. Pressefoto.

Næringsdagane for femte gong

«Vi og verda» er det overordna tema på Næringsdagane som blir arrangerte for femte gong, i år på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde, 7. - 8. mai.





Næringsdagane er den store møtestaden for
inspirasjon og kunnskap for næringsliv og offentleg sektor i Sogn og Fjordane.





Skal inspirere





Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen vil
halde eit innlegg om «Internasjonal handel og konkurranseposisjonen til
næringslivet i Sogn og Fjordane».





  –
Næringsdagane gir deg foredrag av dei som set nye idear ut i livet og utviklar
bedriftene i fylket vårt. Vi byr også på det store overblikket, og er svært
glade for at vi får med oss kapasitetar som til dømes næringsminister Torbjørn
Røe Isaksen og NHO-president Arvid Moss, seier leiar i arbeidsutvalet for
konferansen, Jan Heggheim.





  Målet
for Næringsdagane er å gje leiarar i næringslivet, og innan det offentlege,
kunnskap og inspirasjon til å gjere ein betre jobb i si verksemd.





Tredelt tematikk





Næringsdagane har ein tredelt tematikk:





SAMFUNNS-PERSPEKTIV





  *
Globale trendar og utfordringar





  *
Internasjonal handel og konkurranseposisjonen til norsk næringsliv





TILGANG TIL KOMPETANSE OG NYE MARKNADER





  *
Norge og Sogn og Fjordane sett «utanifrå»





  *
Internasjonale marknadsmoglegheiter





REGIONALT PERSPEKTIV





  *
Fortrinn i regionen, norske løysingar (på globale problem) i globale marknader





  *
Presentasjon av Vestlandsindeksen, Sparebanken Vest





  *
Presentasjon av Bedriftsundersøkinga, NAV Vestlandet





– Ser fram til å lytte å lære





Med utgangspunkt i desse tre tema vil det
bli ei rekke inspirerande og viktige foredrag på Næringsdagane, både av lokale
og nasjonale foredragshaldarar. I tillegg til Røe Isaksen, vil mellom anna
NHO-president, Arvid Moss, ta for seg NHO si særs interessant perspektivmelding
og dele sine tankar om globale trendar og utfordringar.





  – Eg
ser også fram til å lytte til og lære av dei tre rektorane frå dei store
utdanningsinstitusjonane i regionen vår. Dei vil halde innlegg om høgare
utdanning, FoU og livslang læring, fortel Heggheim.





  Dei
tre rektorane han siktar til er Berit Rokne, rektor på Høgskulen på Vestlandet,
Inge Jan Henjesand, rektor på BI og Dag Rune Olsen, rektor på UiB.





  Næringsdagane
er eit arrangement utvikla i samarbeid mellom desse ti partane:

  Høgskulen
på Vestlandet, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV Sogn og Fjordane, Sparebanken
Vest, Sparebanken Sogn og Fjordane, NHO Vestlandet, LO, Kunnskapsparken,
Innovasjon Norge og IT Forum.