Eit ras over rv. 55 ved Kongsnes mellom Høyanger og Balestrand ved Lånefjorden i Sogn og Fjordane i 2004. Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal/NTB scanpix/NPK.

Milliardar til vegsikring på små stader

Fylka skal bruka 3,7 milliardar kroner på å sikra vegane til ti bygder mot ras. Til saman bur det knapt 600 innbyggjarar der.


I bygda Menes i Sogn og Fjordane blei det brukt 55 millionar kroner for å gjere den fem kilometer lange vegen sikker for 14 innbyggjarar, fortel NRK.


Kanalen har gått gjennom korleis fylka vil bruke pengane frå staten i åra som kjem. Oversikta viser kor ofte det går ras, kva vegane vil koste, og kor mange som bur der.


Eitt av prosjekta som blir trekt fram er rassikring til 300 millionar kroner av vegen til Navelsaker i Sogn og Fjordane. Her bur 19 menneske. Eit anna døme er Store Lerresfjordbotn og Lille Lerresfjord i Alta kommune i Finnmark. Dei 21 innbyggjarane her får vegen sikra for 160 millionar kroner.


– Det er fylka som prioriterer kva vegar som skal sikrast mot ras. Vi legg oss ikkje opp i korleis dei gjer det, men tek det for gitt at dei gjer gode val, seier statssekretær Tommy Skjervold (Frp) i Samferdsledepartementet til NRK.


Milliardane til vegsikring kjem frå Nasjonal transportplan og blir fordelte mellom fylka ut frå faglege råd om faren for ras. Fylka melder tilbake til staten korleis dei vil bruka pengane. (©NPK)