Gauken er ein av dei fuglane som kan få problem viss maten er borte når han og andre trekkfuglar kjem tilbake. Foto: NTB scanpix/NPK.

Mild vinter gjer fuglane forvirra

Den milde vinteren gjer fagfolk uroa for fuglelivet. Både trast og stare er allereie tilbake.


– Det er litt på ein snurr no, seier ornitolog Rune Aase ved Høgskolen i Østfold til NRK.


Han fortel at mildvêret har ført til at fleire trekkfuglar allereie er komne tilbake og at lokale fuglar byrjar å hekke.


– Når dei store trekkfuglane kjem i januar, skjøner ein at det er noko alvorleg gale, seier ornitologen.


Det som bekymrar han mest er at årstidene skal vere så pass ute av rute at sommarfugllarvane og billelarvane er borte når langdistansetrekkfuglane kjem tilbake til Noreg i mai eller juni for å leggje egg og skal skaffa mat til ungane sine. (©NPK)