Foto: Alf Ove Hansen/NTB scanpix.

Meir gråvêr i vente - og til veka blir det endå verre

Det blir meir regn, skodde og plussgrader over store delar av landet gjennom helga og utover i neste veke. Men i Trøndelag blir det sol.


Eit nokså stillståande høgtrykk over Russland fører til luft frå sør over Sør-Noreg, noko som fører til gråvêr med skode, plussgrader og regn. Torsdag blir det venta 30–40 millimeter regn på Austlandet, og det er utskrive jordskredvarsel.


Den varme lufta har òg kome til Nord-Noreg, og det er berre i Aust-Finnmark det er målt minusgrader.


– Fram til no har det vore litt motsett enn kva vi er vande til – finast på Vestlandet og mest regn og trist Austafjells, seier vakthavande meteorolog Charalampos Sarchosidis ved Meteorologisk institutt til NTB.



Trøndelag er vêrvinnar

Fredag held gråvêret fram i Sør-Noreg og sør på Vestlandet. I helga er det ikkje venta store endringar. Det blir vått og grått med verken skiføre eller solglimt.


Men Trøndelag får sol og slepp unna nedbør i helga. Laurdag blir det òg veldig fint vêr på Vestlandet, men det kan kome litt regn i Rogaland og Hordaland søndag.


– Generelt er det Trøndelag som blir vêrvinnar. Austafjells – frå Vest-Agder til svenskegrensa er taparen, seier meteorologen.



Endå verre til veka

Måndag byrjar høgtrykket over Russland å røre seg, og det gir plass til at lågtrykk kan nærme seg Noreg.


Då blir vêret i Sør- og Nord-Noreg endå verre, ifølgje meteorologen.


– Det kjem lågtrykk inn mot Sør-Noreg og Vestlandet, som må rekne med endå ei veke med nedbør. I nord ser det ut til at dei kalde luftmassane returnerer, og at snøen kjem tilbake i midten av neste veke, seier han.



Framleis fint i Trøndelag

I Sør-Noreg må ein likevel opp i høgda for å finne snø og skiføre.


– Det er ingen snøfnugg i vente, med mindre ein er i høgda, seier Sarchosidis.


Også i neste veke slepp Trøndelag unna det verste tåkevêret, men òg der blir det litt nedbør innimellom.


– Dei får minst nedbør av alle. Denne gongen er dei heldige. Frå onsdag og utover blir det litt meir skya, men det er ikkje snakk om skikkeleg regnvêr, seier meteorologen. (©NPK)