Ytringsfridom versus smittefare

Politivald og rasisme er sett på dagsorden for alvor etter hendingane i USA den siste tida. George Floyd døydde etter å ha blitt brutalt pågripen av politiet i Minneapolis, og i ettertid er ein polititenestemann sikta for forsettleg drap og tre andre er sikta for å ha medverka til dette.

Hendinga har ført til store demonstrasjonar mot politivald og rasisme i USA, og etter kvart har demonstrasjonane spreidd seg til store dela av verda – også landet vårt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag samla tusenvis av demonstrantar seg i Oslo, og også i fleire andre norske byar kom svært mange saman for å vise sin avsky og setje fokus på at rasisme er eit stort problem.

I utgangspunktet er det aldri feil å bidra i kampen mot rasisme, men det store paradokset nett no er måten det vart gjort på, ved å samle store folkemengder.

Helsestyremaktene fryktar det har oppstått ein superspreiar-situasjon der ein person smittar veldig mange, og slår fast at demonstrasjonane var brot på smittevernforskriftene i samband med koronasituasjonen. Desse seier at ein per i dag ikkje skal samle fleire enn 50 personar, og at det skal vere minst ein meter avstand mellom dei.

Justisminister Monica Mæland la ikkje skjul på at ho var bekymra for smittesituasjonen i samband med demonstrasjonane, men til NRK uttrykte ho at det viktigaste er å halde avstand, noko ho håpte politiet ville bidra til.

Politiet, på si side, fokuserte på ro og orden, ikkje smittevern, og viste til at samfunnet set ytringsfridomen høgt. Dei føretok seg såleis ikkje noko overfor demonstrantane.

Sjølvsagt er det vanskeleg å gripe inn mot demonstrasjonar mot noko så alvorleg og totalt uakseptabelt som rasisme, og det er lett å skjøne at det sit langt inne for politiet og styremaktene å gjere grep som innskrenkar ein av berebjelkane i det norske samfunnet: ytringsfridomen. Det er også drege i tvil om politiet faktisk har lovheimel til å gripe inn mot demonstrantar på bakgrunn av covid-19-forskrifta.

Samstundes skal vi ha med oss kva det har kosta landet vårt å få virusspreiinga under kontroll. Fleire hundre tusen har vore permitterte og mange bedrifter og arbeidsplassar har forsvunne eller vil gjere det i løpet av månadane som kjem. Skular og barnehagar har vore stengde, eldre har sete åleine utan å få vitjing av sine næraste, og milliardane renn ut av statskassa for å dempe skadane og dei negative ringverknadane både på kort og lang sikt.

I eit slikt perspektiv er det sjølvsagt grunn til å stille spørsmål ved at tusenvis av personar i det mest smitteutsette området i kongeriket glatt kan ignorere smittevernreglane utan at det vert reagert på nokon som helst måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein risikerer ei ny oppbløming av det potensielt svært farlege viruset, og ikkje minst risikerer ein at folk mister respekten for reglane og ikkje lenger vil bidra i den omfattande, nesten tre månader lange dugnaden.

Prisen å betale for offentlege folkesamlingar i den heilt spesielle situasjonen Noreg og store delar av verdssamfunnet er i nett no, kan fort bli høg. Det er mange måtar å vise avsky mot rasisme på utan å gjere det slik det blei gjort i norske byar fredag. Dei som deltok på demonstrasjonane bør sjølve ta ansvar for handlingane sine og gå i karantane.