– Viktigare enn nokon gong å handle lokalt

Endå ein gong har koronapandemien gjort til at store deler av samfunnet stenger ned. Ikkje so mykje stenging i vårt område enno, men også vi må vere med på dugnaden slik at vi får smitten under kontroll.

I desse dagar er det ein god månad til jul og mange av oss er so smått starta å tenkje på julehandelen. Vi skal kjøpe julegåver til kjende og kjære, vi kjøper inn noko nytt til hus og heim og oss sjølve, og vi brukar meir pengar på mat enn elles i året. Vi ynskjer oss alle ei god og koseleg jul der vi kan samle familie, senke skuldrene og nyte dagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år er det viktigare enn nokon gong å handle lokalt. Det er på mange måtar opp til oss som bur her korleis det skal gå med butikkane våre framover. For kvar krone vi brukar lokalt er vi med og styrkar grunnlaget for at butikkane skal kome seg gjennom ei utfordrande tid. For kvar krone vi brukar på netthandel, eller på handelslekkasje, er vi med og svekkar inntektsgrunnlaget for dei butikkane og det næringslivet vi har rundt oss.

I dagane og vekene fram til jul er det både Black Friday, kveldsope, søndagsope – og masse gode tilbod i «alle kanalar». Eg vonar at vi denne gongen i fellesskap kan vere med og gjere ein dugnad for våre lokale butikkar og for vårt lokale næringsliv. Dei treng det og dei fortenar det. Dei er nærast når vi treng dei som mest og då må vi bidra til at dei kjem seg gjennom tøffe tider.

Å handle lokalt betyr mykje! Det betyr mykje for det lokale næringslivet og for det lokalsamfunnet vi alle er ein del av. Det betyr mykje for korleis samfunnet rundt oss skal utvikle seg framover. Som forbrukarar har vi makt til å påverke denne utviklinga.

Butikkane og næringslivet rundt oss er mykje meir enn å vere leverandørar av varer og tenester når vi treng det. Gjennom året er det dette næringslivet som stiller opp og støttar lokale idrettslag, arrangement, lag og organisasjonar. Det er dette næringslivet som gjev folk ein jobb å gå til for å tene pengar, det er dette næringslivet som gjev ungdomane våre sommarjobb eller tek dei inn som ekstrahjelp på laurdagane, og det er dette næringslivet som bidreg med skatt og andre kommunale inntekter som gjer at kommunane våre kan yte gode tenester gjennom heile livsløpet.

Dei tusenlappane ekstra vi brukar lokalt no kan vere dei tusenlappane som skil mellom pluss og minus på botnlinja når rekneskapen for 2020 skal gjerast opp.

Dei fleste av oss vil kanskje finne både betre utval og billegare varer på nett… Å flytte handelen vår over på nettbutikkar med store sentrallager, gjerne berre ein plass i landet – eller i utlandet, vil vere med på å auke sentraliseringa og redusere tilbodet i våre eigne nærområde.

Netthandelen er nok komen for å bli. Nokre varer er kanskje ikkje mogeleg å finne i vårt nærområde og då er nettet ei enkel og god løysing. Men ta ein sjekk i våre eigne butikkar først – kanskje litt dyrare, men på kjøpet får vi god service frå smilande folk bak disken og ikkje minst bidreg vi til at butikken er her i morgon og neste jul og julene etter det.

Å handle lokalt betyr mykje for mange og det lønner seg til slutt for oss alle og det samfunnet vi er ein del av! Bruk nærbutikkane i dag om du ynskjer dei skal vere her i morgon!

Artikkelen held fram under annonsen.

Lukke til med julehandelen.