– Vi må få ei eiga støtte til dataspel som vert laga med nynorsk tekst og tale, eller omsett til nynorsk, skriv Peder Lofnes Hauge.

Vi treng eit løft for (ny)norsk språk i dataspel

For dei aller fleste born og unge i Noreg er spel ein del av kvardagen. I dataspel møter vi språk både gjennom tekst og tale. Difor må spelpolitikk også vere språkpolitikk. Vi må få ei eiga støtte til dataspel som vert laga med nynorsk tekst og tale, eller omsett til nynorsk. Berre slik kan vi sikre at nynorsk blir trygga også på dette domenet.

Kulturdepartementet har nyleg lagt fram ein ny spelstrategi. Noregs Mållag er glade for å sjå at regjeringa ynskjer å stille språkkrav til dataspel som får utviklings- og lanseringstilskot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kravet for å få støtte er at spelet anten er på bokmål, nynorsk eller samisk språk. Slike krav og målretta stønadsordningar gjev gode resultat: I fjor kom det til dømes to dataspel på den internasjonale marknaden med samisk innhald og på samisk språk.

Likevel saknar Noregs Mållag målretta tiltak i dataspelstrategien for å sikre at det kjem meir nynorsk tekst og tale i dataspel. Språklova peikar på at det offentlege skal fremje det minst brukte språket nynorsk. Mållaget vil difor utfordre Kulturdepartementet til å lage særmerkte stønader til dataspel som blir produserte med nynorsk tekst og tale, eller til nynorske versjonar av internasjonale titlar. Slik kan nynorsken få fotfeste også i dataspelverda.

Peder Lofnes Hauge,

leiar i Noregs Mållag