– Vi gir alle ei moglegheit

Valkampen er i gang, partia kjemper for sine saker og ein overgår kvarandre for å vekkje interesse. Samtidig ser vi ein dalande tillit til demokratiet. Folk er lei, lei krangling, lei kjekling, lei dei meiningslause debattane der målet er å overgå kvarandre.

Folk er engasjerte, folk ynskjer å delta, folk er opptatt av sitt lokalsamfunn, sitt land og verden omkring. Vi ser det på Moria-barna, vi ser det på klima-kampen, vi såg det på Black lives matter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Partiet Sentrum er ein nykomling i partifloraen, nokon har dømt oss nord og ned, nokon heier på oss, men stemmer på andre parti, kjempebra. Nokon har meldt seg inn og nokon heier veldig på oss, suverent. Engasjementet vi opplever skaper motivasjon. Vi er små, men vi er å rekne med. Kanskje vi ikkje kjem inn på tinget til årets Stortingsval, men til valet i 2023 og 2025 skal vi verte sterke.

Kva er vårt bodskap? Vi ynskjer å gje alle ei moglegheit. Kva betyr det? Utanforskap er kanskje den største trusselen i vårt velferdssamfunn. 8 % av ungdom går ut av vidaregåande og inn i uføretrygd. Mange menneske med ei funksjonshemming ynskjer seg inn i arbeidslivet, men møter så mange stengsler. Mange av våre nye landsmenn vert ikkje kalla inn til intervju fordi namnet er Muhammed eller Ali. Lista over dei som ikkje har dei same moglegheitene som mange av oss har, er lang. Kampen mot utanforskap må takast konkret på mange ulike felt for at vi skal lykkast, som f.eks. innanfor helsepolitikk, bustadpolitikk, økonomisk fordeling og skule. Vi vil ha meir enn berre ord om eit varmare samfunn – vi ønskjer ein ny kurs som byggjer ned forskjellar. Forskjellar skaper avstand mellom oss. Ein avstand vi ikkje har plass til.

Klimakampen er kanskje den største utfordringa som vi har. Vi opplevde parti på Stortinget som var meir opptatt av eigne standpunkt enn å jobbe for ein brei semje som forpliktar, dette er trist. Partiet Sentrum ynskjer å jobbe breitt for å at vi skal nå våre klimamål. Det oppdraget har vi fått frå dei som kjem etter oss og frå dei som allereie opplever klimakrisa på kroppen.

Tilliten til det politiske system er fundamentet for vårt demokrati. Utan denne forvitrar det som vi har så kjært. Ein av politikarane si fremste oppgåve er å forsvare demokratiet. Vi gjer det ikkje med å skape splid i mellom bygd og by, mellom våre nye landsmenn og vi som har vert er sidan fødselen. Det politiske system i Norge har sidan 1905 vert bygd på konsensus-modellen. Der dei store sakene vart spikra mellom parti som sto eit stykke i frå kvarandre. Vi må børste støv av denne igjen for å vinne tillit i befolkninga. Partiet Sentrum kjempar for dette.

Partiet Sentrum vil ta opp kampen mot populistiske og innvandringskritiske strøymingar. 50 er langt frå nok – og vi har ikkje nok med oss sjølve. Norge må stille seg i front for europeisk og internasjonalt samarbeid som gjer at menneske i naud og på flukt kan finne ei tryggheit og ein stad å skape ei framtid.

9. mai i år vil Partiet Sentrum ha vedtatt ein heilskapleg politikk. Vi ynskjer å vere ei motrøyst og håper du støtter oss i dette.