Vestlandet må ut av bakevja

Vestlandet er nærings- og industrilandsdel nummer 1 i Noreg. Nøkkelen til suksess på Vestlandet har til alle tider vore å vere først med det nye, ikkje å vere sist med det gamle.

NHO Vestland-sjef Helene Frihammer og LO Vestland-sjef Atle Rasmussen slår no alarm om at vi er kraftig bakpå med grøn omstilling av næringslivet på Vestlandet, og ikkje brukar nok tid i valkampen på å svare på “Hva skal vi leve av etter olje og gass?”.

Det har NHO og LO Vestland heilt rett i. Frps draum om at Noreg skal vere siste land ut av oljealderen og gløyme alt dette nye grøne, er så lite vestlandsk som det kan bli. Det ville tvert imot vere takk og farvel til Vestlandet som næringslokomotiv i Noreg. Vestlandet må ut av olje-bakevja.

Andre land i Norden og Europa er i gang med omstillinga av næringslivet for lengst. Når Danmark satsar stort på havvind, helsenæringar og kvanteteknologi, er det neppe fordi danskane er så forbaska opptatt av klima, folkehelse og matematisk teori. Det er fordi danskane er svoltne på å bygge industri og næring der veksten kjem - ikkje der veksten var. Dei vil vere først. Ikkje sist.

Der må Vestlandet også vere. Eg og Venstre meiner det krevst eit radikalt taktskifte i næringspolitikken på Vestlandet, med i alle fall fem hovudstolpar:

1. Systematisk, heilhetlig grøn omstilling av dei leiande energi- og industrihubane på Vestlandet - Odda, Mongstad, Kollsnes, Årdal, Høyanger, Florø og andre - med langt betre koordinering og statleg medvirkning enn dagens regjering har prestert, og auka produksjon av fornybar energi. I alle våre energi- og industrimiljø er viljen til og planane for grøn omstilling som kan gi både store klimakutt og lønsam ny næring til stades. Dei planane må “opp og flyge”, ikkje skytast ned slik t d Frp vil, eller møtast med passitivet slik dagens Ap-regjering gjer.

2. Langt sterkare satsing på gründerskap og vekst i teknologitunge nye næringar på Vestlandet - ikkje minst helsenæringar, IKT og bioteknologi. I Europa, Norden og Oslo-regionen er det desse og andre nye teknologinæringar som står for den sterkaste veksten og skaper dei nye næringslokomotiva. Her må Vestlandet også henge med - og vi har gründer-, kunnskaps- og teknologimiljøa til å klare det.

3. Kraftig styrkt satsing på forsking og kommersialisering, i “samla lag” på Vestlandet. Trondheim har tatt posisjon som den norske teknologihovudstaden. Oslo satsar milliardar på å bygge ein nasjonal gigant-arena for helsenæringane. Vestlandet og Vestlands-næringslivet må langt sterkare på banen for å flytte ressursar som monnar over i forsking og kommersialisering - med eit skattesystem som stimulerer til det. Her spelar også det offentlege virkemiddelapparatet ei viktig rolle, med Innovasjon Norge i spissen. Virkemiddelapparatet må kraftig forenklast - men det vil vere komplett galskap å legge det ned, slik Frp vil.

4. Bergen og Vestland må ta posisjonen som den grøne hav-hovudstaden, som har ein samla strategi for korleis framtidas verdiskaping i Nordsjøen skal bli minst like stor som vi i dag får frå olje og gass. Sjømat og havbruk må utan tvil stå sentralt - i samspel med fornybar energiproduksjon, utsleppsfri maritim teknologi med meir. Brødrene Aa i Nordfjord er heldigvis redda i siste sving etter konkursen tidlegare i år. Denne type verdsleiande teknologibedrifter er gull verdt for Vestlandet.

5. Slå ring om EØS,og starte prosessen med fullt norsk medlemskap i EU. Ingen landsdel er meir avhengig av tett samkvem med landa rundt oss enn Vestlandet. Ingen landsdel har meir å tene på å kome “om bord" fullt og heilt i vår største eksportmarknad - EU.

Ingen, kanskje utanom MDG, vil at petroleumsnæringen skal forsvinne “over natta”. Men vi er heilt nøydde til å skifte fokus på Vestlandet frå å tvihalde på at olje og gass er det vi også skal ri inn i solnedgangen på, til å snakke om at det no hastar med å flytte talent, kapital, areal og politisk fokus over på det vi skal leve av etter oljen. Elles er Vestlandet ille ute og køyre - og Oslo-regionen køyrer over oss.

Vestlandet må for alt i verda ikkje ende opp slik det gjekk med Sørlandet då seglskutetida gjekk mot slutten på 1800-talet, og sørlendingane tviheldt på det gamle lengst mogleg. Det vart ein blåmåndag på Sørlandet - mens vestlendingane heiv seg rundt og var først ute med damp og motor.

Framtidas motor er grøn og høgteknologisk. Vestlandet må ha ambisjon om å vere der først. Ikkje ende opp i Fprs bakevje.

Alfred Bjørlo, 

Næringspolitisk talsperson for Venstre og 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS