F.v. Beate Dybendal Nordvik, Runar Kleppe og Jan Ove Rygg i Gloppen Høgre.

– Vert det lagt til rette for bu- og næringsutvikling i Sandane sentrum?

Med bakgrunn i samfunnsutvalet sitt arbeid med detaljreguleringsplan for Sandane sentrum sist veke er det dessverre naturleg å stille seg dette spørsmålet. Dette handlar ikkje spesifikt om FICO AS, men om kva for krav vi stiller til aktørar som vil investere i Gloppen, skape arbeidsplassar, og bidra til utvikling i kommunen vår.

Ifølgje plan- og bygningslova er det eit krav at private planar, inkludert private detaljreguleringsplanar, må følgje opp hovudtrekk og rammar i kommunen sin arealdel og områdereguleringsplanar der dette ligg føre. Slik skal det sjølvsagt vere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fryktar nye pålegg vil stogge FICO AS sine utbyggingsplanar

Arealplan og områdereguleringsplanen skal setje rammer, og gjennom dette skape føreseielegheit både for bebuarar og næringsaktørar.

Det har vore fleire møte mellom FICO AS, politisk leiing ved formannskapet, og administrasjonen i Gloppen kommune gjennom fleire år. FICO AS har ved fleire høve vore i formannskapet for å presentere prosjektet dei planlegg på sentrumstomta, der dei har planar for butikkar og leilegheiter. Dette har vore ein god framgangsmåte.

Politikarane har vore informerte heile vegen og har kunne kome med sine synspunkt langs med. Politikarane har mellom anna vore tydelege på tilgang til sjøkanten, siktelinjer mot sjøen, og at vi ikkje ønskjer ei blokkering mot fjorden. Desse signala har arkitektane teke med seg undervegs, og justert prosjektet i tråd med dei politiske signala.

Høgre finn det underleg at administrasjonen ikkje held seg til politisk vedtekne planar, men stiller vilkår i planføresegner til detaljreguleringsplanen som er strengare enn både kommunen sin eigen arealplan, områdereguleringsplanen for Sandane sentrum, og nasjonale retningslinjer. Det er verkeleg på sin plass å spørje om kvifor, og kva for konsekvensar dette kan få for næringsdrivande og private som bur eller ønskjer å bu i området.

Les også
– Ei grisetakling på overtid

Planføresegnene frå administrasjonen som vart lagt på bordet i samfunnsutvalet kom svært overraskande for både utbyggar og oss politikarar. Vi politikarar har ikkje vore informerte om at Gloppen kommune vil stille betydeleg strengare føresegner på ei rekke punkt enn kva som ligg i områdereguleringsplanen og i nasjonale føringar, ei heller motivet for dette.

Les også
– Håpar ein kjem vidare ganske kjapt

I sakspapira er det ikkje lagt fram argument som talar for kvifor ein tilrår strengare føresegner enn det politikarane har lagt til grunn gjennom arealplan og områdereguleringsplan for Sandane sentrum. Begge planane er forholdsvis nye, og Høgre kan ikkje sjå kva ein legg til grunn for plutseleg å stramme inn føringane frå administrasjonen si side, utan at endringane har vore sakshandsama politisk.

Les også
Slik vil dei utvikle Sandane sentrum

Om vi verkeleg ønskjer næringsutvikling, arbeidsplassar og eit levande sentrum, må vi spele på lag med dei som ønskjer å bidra til å skape utvikling i kommunen vår. Sjølvsagt skal vi stille krav, men ikkje urimelege krav. Det er også viktig at krava ikkje kjem overraskande både på politikarane og utbyggjarane i siste behandling, før det skal fattast vedtak om å sende detaljreguleringsplanen ut på høyring.

Gloppen Høgre