Ut av Vestland

Det vil bli uakseptable nedskjeringar innanfor både vidaregåande skular, kultur og kollektivtransport i åra som kjem. I skulane vil opplæringstilbod/klassar, truleg heile skular, bli nedlagde. Kollektivtilboda vil bli ramma med barn/unge og eldre som taparar. I tillegg blir ein meir avhengig av privatbilen med den konsekvensen det også har for miljø.

Dette er klart etter at reknearka og administrasjonen i Vestland fylkeskommune sa frå: Det må kuttast rundt 500 millionar kroner på drifta dei neste fire åra. Det var klart før nyttårsskiftet 2019/2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg viser det seg at 2020 går med underskot på opp mot 700 millionar. Det skuldast i største grad Korona-pandemien – noko korkje samanslåingskåte fylkespolitikarar eller fylkesbyråkratar kan skuldast for. Dette må dei som sit med den store nasjonale pengesekken dekke. Hittil har ikkje viljen vore overstrøymande.

Men tilbake til årsskiftet og nokre år før det. Eit overveldande fleirtal i Sogn og Fjordane fylkesting braut med folkemeininga og vedtok å slå fylket vårt saman med Hordaland. Raudt var ikkje representert i fylkestinget og fekk dermed ikkje gleda av å stemme mot.

Når politikarane i den feilkonstruerte Vestland fylkeskommune møttest i fjor haust, fekk dei beskjed om å kutte 500 millionar kroner (1/2 milliard kroner) dei neste fire åra. Dette står i grell kontrast til den økonomiske situasjonen i Sogn og Fjordane fylkeskommune som har hatt eit økonomisk overskot på 15-72 millionar.

Eg har ikkje prioritert å setje meg inn Hordaland fylkeskommune sin situasjon dei åra som ligg bak oss. Det er ikkje nokon grunn til å skjønnmale Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vi har fleire døme på at kommunar og lokalsamfunn har måtte kjempa meir enn éin kamp for å bli høyrt på Leikanger og i fylkestingsalen.

Men no, med Vestland fylkeskommune, blir avstanden opp til makta atskilleg lenger for både dei tilsette, fagforeiningane deira, dei fylkeskommunale institusjonane/tilboda, lokalsamfunna og kommunane. Kjøtvekta er ei anna og lenger borte. Dette vil bli negativt avgjerande.

Store politiske parti med mykje makt i Viken fylkeskommune og i Troms-Finnmark fylkeskommune, vil ut av det avdemokratiserande storfylket. Dei krev av eit nytt stortingsfleirtal at samanslåingane blir oppheva. Eg meiner at folkefleirtalet i Sogn og Fjordane har grunn til å ønskje det same. Ser ikkje snart også fleire av fylkestingspolitikarane at samanslåinga var eit feilgrep? Opinionen mot sentralisering og avdemokratisering må organiserast. Vi må seie ja til at Sogn og Fjordane skal gjenopprettast som eige fylke.

Einar Rysjedal,

Raudt-vara i Vestland fylkesting

Artikkelen held fram under annonsen.