Aslaug Aarøen.

– Uroleg for parkeringstilhøva

Aslaug Aarøen er redd områdereguleringsplanen vil forringe Sandane som handelsstad, og er uroa over korleis parkeringstilhøva blir i framtida.

– Eg er heilt samd med Maria Rosenlund Flølo, som meiner at det ikkje blir mogleg å drive forretningsverksemd på Sandane om utkastet til områdereguleringsplan blir vedteken, seier Aslaug Aarøen.

– Håpar brua kjem

Ho er uroleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med færre parkeringsplassar og meir langsgåande parkering er eg, og fleire med meg, urolege for korleis tilhøva for parkering vil bli. Det blir i alle fall ikkje enklare å parkere. Sandane er eit handelssenter i kommunen - så lenge det varer. Eg støttar butikkane på Sandane, men blir det for vanskeleg å handle her, håpar eg brua mellom Lote og Anda kjem slik at vi kan køyre til Nordfjordeid, seier ho, og legg til at i nabokommunen blir det lagt til rette for handel.

– Her er det gode tilhøve for parkering, slår ho fast.

– Mange turmoglegheiter

For dei som er glade i turgåing, finst det mange alternativ i Gloppen, mellom anna i Trivselsskogen.

– Eg reiser ikkje til Sandane sentrum for å gå på tur. Det gjer eg andre stader. Eg reiser til sentrum for å handle. Og korleis blir det med Sandane-dagane i framtida? Kvar skal alle tilreisande parkere? Politikarane må tenkje på dei næringsdrivande. Ein reduksjon i talet parkeringsplassar er ikkje vegen å gå, seier Aarøen.