– Ungdom treng betre og billegare kollektivtilbod

I møte med ungdom over heile Sogn og Fjordane er det éi tilbakemelding som går igjen uansett kvar ungdom bur: Kollektivtilbodet er for dyrt, dårleg og vanskeleg å bruke. Det har dei heilt rett i. Og det verste er at dette er ein sjølvforsterkande vond sirkel: Så lenge kollektivtilbodet er dyrt og dårleg, så finn folk andre alternativ – og det blir for få reisande til at tilbodet blir styrka.

Dette må vi gjere noko med – raskt. Venstre vil redusere prisane på kollektivtransport for ungdom kraftig. Vi vil innføre eit nasjonalt ungdomskort som gjer det enklare å reise kollektivt, og ha mykje betre ordningar for familierabatt med buss og båt. Heile familien må kunne reise kollektivt i lag, utan at det er så svindyrt som i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi må også få til eit langt betre og meir fleksibelt kollektivtilbod på ettermiddags- og kveldstid og i helgane, i samarbeid mellom kommunar, fylke og stat. I nye Vestland fylke har gamle Sogn og Fjordane mykje å lære av gamle Hordaland på dette området. Dei har satsa systematisk på å bygge opp eit relativt godt kollektivtilbod også i distrikta, slik at ungdom kan kome seg lettare til og frå kommune- og regionsenter.

Ei slik «distrikts-kollektivsatsing» meiner Venstre må på plass i heile Vestland fylke. Truleg ligg det også svært mykje å hente i å erstatte tradisjonelle «stive» bussruter køyrt av svære bussar med meir fleksible småskalaløysingar – til dømes minibussar/drosjer som hentar og bringar på førespurnad.

Det må også bli like lett å få oversikt over ruter, bestille og betale for å reise kollektivt i distrikta som det i dag er i dei største byane. Ungdom og andre må kunne gjere alt dette samla frå mobilen via ein app – det er ei «forenklingsreform» som er overmoden i kollektivtransporten i distrikta.

Bilen er – og vil i overskodeleg framtid vere – viktig for å bu, arbeide og leve gode liv i distrikts-Noreg. Utsleppsfrie elbilar om få år vere dominerande over heile landet, slik at det i framtida ikkje er nokon motsetnad mellom klimakutt og god mobilitet i distrikta.

Bilen er likevel ikkje svaret på alt. Også i distrikta treng vi i åra framover eit løft for betre kollektivtrafikk. Ikkje minst er det viktig for ungdom, eldre og andre som av ulike grunnar ikkje kan køyre bil i kvardagen. Difor må kollektivtilbodet i distrikta raskt bli billigare og betre. Det er også viktig at vi lagar gode tettstader der vi kan gå, sykle og reise kollektivt i staden for å køyre bil over korte avstander. Det skaper rett og slett trivelegare stader å leve livet sitt – med mindre bilbruk.

Alfred Bjørlo, 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane

Ole Martini, 3. kandidat og ungdomskandidat for Venstre