Rita Tonning er Raudt Sogn og Fjordane sin førstekandidat.

Trekk Oljefondet heilt ut av Israel si krigføring

Israel gjennomfører no eit folkemord på Gaza-stripa gjennom ei menneskeskapt svoltkatastrofe i kombinasjon med skyting på dei sivile i matkø. I forkant av dette har Gaza-stripa blitt bomba sønder og saman, og dødstalet etter årevis med krigsbrotsverk og etnisk rensing ligg på rundt 60 000 drepne palestinarar på Gaza-stripa. Israel gjennomførar òg krigsbrotsverk på Vestbreidda, og har nyleg gjennomført folkerettsstridige angrep på Iran, Syria og Libanon.

Ved halvårsskiftet i 2025 viste Oljefondet sin oversikt at dette har eigarskap i 61 israelske selskap til ein verdi av 22,6 milliardar kronar. Det norske oljefondet har no selt seg ut av 17 israelske selskap sidan juni, men er framleis investert i 44 selskap, blant anna selskapet Next Vision Stabilized Systems, som produserer kamera som vert nytta på dronar av det israelske militæret. Oljefondet har òg eigarskap i til dømes finansselskapet Clal Insurance, som igjen eig ein omfattande del av forsvarsselskapet Elbit Systems, som vart ekskludert frå Oljefondet i 2009.

Det må vere eit krav at Oljefondet endrar praksis og byrjar med å følgje dei internasjonale retningslinjene sette ned av OECD og FN, som mellom anna vil tyde at dei må førehandsfiltrere før dei kjøper seg inn i nye selskap, og dette arbeidet er ikkje noko som ein kan overlate til Etikkrådet. Green Mountain sitt datasenter i Rjukan er eigd av israelske Azrieli group, og dei har sendt inn ein søknad om tilgang på heile 7,6 prosent av Noreg sitt totale straumforbruk, som er problematisk på fleire måtar, og ikkje berre med tanke på kva ein bør nytte kraftressursane til. Azrieli Group har nemleg koplingar til organisasjonar som støttar både ulovlege israelske busettingar på Vestbreidda og israelske soldatar. Raudt krev at den norske staten tek over eigarskapen for å unngå at norsk vasskraft indirekte stør opp om israelske folkerettsbrot.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har starta arbeidet med å rettsforfølgje Israel sine krigsbrotsverk, og Raudt stør krava om at Israel sitt folkemord og andre krigsbrotsverk må straffeforfølgjast. Det var så klart heilt rett av Noreg å anerkjenne Palestina som ein eigen stat, men sanninga er at det vert stadig mindre att av Palestina, og koloniseringa av Palestina har gått føre seg heilt sidan 1948. Raudt arbeider for full boikott av israelske selskap. Vi må trekke Oljefondet ut av Israel si krigsmaskin. Vi må dessutan stanse sal av norske våpen, våpendelar og militært utstyr til Israel.

Rita Tonning, 

1. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane til stortingsvalet

 

Powered by Labrador CMS