To nederlag for sjukehusa på kort tid

Regjeringa kjempar desperat for å hindre ulike fleirtal på Stortinget frå å sikre gode tilbod hos lokalsjukehusa våre.

Tysdag tapte eit mindretal kampen om å bevare ortopedien ved Lærdal sjukehus mot Høgre, Ap, Venstre og MDG sine stemmer. Torbjørn Vereide (Ap) har kritisert forslaget om å bevare ortopedien for å ikkje komme saman med pengar som skal finansiere tilbodet, og han frykta derfor at “liv kan gå tapt”. Dette er skremsel, og ingen god grunn til å stemme ned forslaget som fall i dag.

Dersom eit fleirtal på Stortinget avgjer at sjukehustilbod i SFJ skal bestå, betyr det at regjeringa må gjere som den har fått beskjed om. Og hadde viljen vore der hos dei raudgrøne budsjettpartnarane, hadde dei ivrig stemt for å bevare ortopedien i Lærdal før dei så set av pengar til dette framfor andre formål i revidert statsbudsjett. Nett slik FrP har gjort i vårt alternative statsbudsjett kor sjukehusa får 1,7 milliardar meir enn det regjeringa bevilgar i 2026.

Når Stortinget bestemmer at eit tilbud skal oppretthaldast, må sjølvsagt regjeringa ta hensyn til dette når dei legg fram revidert statsbudsjett. Men Arbeiderpartiet har andre ting på prioriteringslista. Derfor måtte Vereide presse gjennom statsråd Vestres syn om at ortopedien skulle leggjast ned i Lærdal. SFJ nedprioriterast, enkelt og greit.

Dette kom kort tid etter at eit anna fleirtal sette stopp for FrP si løysing på helsenorges store sjukdom. Nemleg at sjukehusa er blitt gjeldsslavar til staten. Vårt forslag gjekk ut på å skille kostnadane ved drift og investeringar, noko som låg an til å få fleirtal heilt til Raudt og SV brått kasta eigen politikk til sides for å støtte eit vagt og luftig forslag frå Arbeiderpartiet som ikkje forpliktar til noko som helst.

I begge sakene må regjeringa sine eigne partnarar bøye seg for Arbeiderpartiet. Alle får markere sin motstand i enkelte voteringar, men dei får ikkje stansa vesentlege kutt eller gå inn i fleirtal for eigne løysingar.

Nederlaga i Stortinget vert no til konkrete konsekvensar for helsetilboda i Sogn og Fjordane. Forklaringa er ei manglande evne til å prioritere i ein budsjettkoalisjon som brukar for mykje pengar på alt anna enn velferdsstatens kjerneoppgåver.

Stig Even Lillestøl, 

stortingsrepresentant Framstegspartiet

Powered by Labrador CMS