
SV vil ha lågare skatt for dei fleste i Sogn og Fjordane
Dei siste fire åra har SV jobba målretta for å styrka kvardagsøkonomien til dei som treng det mest, barnefamiliar, einslege forsørgarar, dei som bur åleine, pensjonistar og andre med låg inntekt. Vi har fått gjennomslag for gratis kjernetid i SFO og langt billigare barnehage, nesten dobla barnetrygda, sikra billeg tannhelse for alle til og med 28 år og auka minstepensjon med 10 000 kroner i året. Dette er konkrete tiltak som gjer ein forskjell i lommeboka.
I tillegg til dette jobbar SV for eit meir progressivt skattesystem der dei som tener mykje skal bidra meir, medan dei som tener mindre skal få redusert skatt. Halvparten av lønnsmottakarane i Sogn og Fjordane tener under 616 000 kroner i året (kjelde: Statistisk sentralbyrå). Med det alternative budsjettet til SV skal alle som tener under 800 000 kroner betala mindre i skatt, medan dei som tener over ein million kroner skal bidra meir enn dei gjorde i 2024.
Det er rettferdig og det er god økonomisk politikk. Små forskjellar og sterke fellesskap gjev betre samfunn for alle. Ta med deg det, når du går for å bruke stemmeretten din!
Hege Lothe,
stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane