– Stortinget treng eit sterkt sentrum

Ei stemme til Partiet Sentrum er kanskje den viktigaste du kan gje, sjølv om nokon vil ha det til at det er bortkasta å stemme på eit nytt parti. Vi er allereie etter få månader eit landsdekkjande parti og er komne for å bli. No er det veljarane som bestemmer farten på utviklinga.

Stortinget treng eit sterkt sentrum i neste fireårs-periode, og Norge treng eit parti i sentrum som har kampen mot utanforskap som den viktigaste saka. Det er på høg tid at menneskeverdet blir løfta som ein ukrenkjeleg verdi uavhengig av tilhøyrsle, tru og bakgrunn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei 17 berekraftsmåla (utrydde fattigdom, utrydde svolt, god helse og livskvalitet og so vidare) ilag med menneskerettane er dei beste styringsverktøya for all politikk. Nettopp fordi dei femnar om sosial- og næringspolitisk bærekraft og klima- og miljømessig bærekraft.

Nytt røysteretten og gje ditt bidrag, stem Partiet Sentrum for gode og framtidsretta løysingar.