- Vi vil arbeide for at det skal bli endå betre å bu og arbeide i Sogn og Fjordane, skriv Olve Grotle i dette innlegget.

Sogn og Fjordane treng ei ny regjering

Stortingsvalet ser ut til å bli historisk jamt. Stemmene frå Sogn og Fjordane kan avgjere kva regjering vi får. Her er fem grunnar til at du bør stemme på Høgre.

Betre privatøkonomi og lågare skatt for folk og bedrifter

Dei fire siste åra har alle opplevd at alt har blitt dyrare. Høgre går til val skattelette for alle, så kan folk sjølv få bestemme kva dei skal bruke pengane på – det å få behalde eigne inntekter er òg eit spørsmål om velferd. Med Høgre vil ein vanleg familie i full jobb få 24 000 kroner lågare skatt. Einslege vil få 12 000 kroner i lågare skatt. Samtidig vil vi gjere andre grep for å styrke privatøkonomien, som til dømes å auke barnetrygda vesentleg.

Støre-regjeringa har dei siste åra innført nye skattar, midlertidige skattar og skattar med tilbakeverkande kraft. Det har gått hardt utover næringslivet, som no skrik etter betre rammevilkår. Alle er tent med at bedriftene gjer det godt, og at vi framleis skal ha lokalt eigarskap. Høgre går derfor til val på mindre byråkrati, lågare skattar og å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.

Fleire politifolk

Vest Politidistrikt har i dag den lågaste bemanninga i landet. Sidan regjeringsskiftet har det blitt nesten 62 færre politifolk i gatene i Vest. Dette samtidig som kriminaliteten har eksplodert. 

Høgre vil tilsette 1000 fleire politifolk over heile landet.

Raskare helsehjelp

Det går for lang tid frå folk ber om helsehjelp til dei får behandling. 

Høgre vil ha raskare behandling, og at folk skal kunne få velje private tilbod som staten skal ta rekninga for. At folk får raskare helsehjelp, vil vere bra for den enkelte og bra for samfunnet.

Meir læring og trivsel i skulen

Vi må satse meir på grunnleggande ferdigheiter i skulen; lesing, skriving og rekning. Kvart år går 15 000 barn i Norge ut av grunnskulen utan å kunne lese skikkeleg. 

Læraren må bli sjefen i klasserommet. Skulemiljøet må bli endå betre, og inkludere alle. Foreldre må ta ansvar for oppdraginga, og læraren må ha ansvaret for læring.

Meir til samferdsel

Dei siste fire åra er det bygd null meter (!) ny veg i Sogn og Fjordane. Det har berre vore ferdigstilling av prosjekt som Høgre-regjeringa sette i gang. Samtidig har planlegginga av viktige prosjekt stoppa opp. Gode og trygge vegar er avgjerande for at folk skal kunne busette seg her. Høgre vil bygge veg over heile Sogn og Fjordane, og løyve meir pengar til fylkesveg og rassikring.

Dette var fem grunnar, og det finst mange fleire. Vi vil arbeide for at det skal bli endå betre å bu og arbeide i Sogn og Fjordane, og vil gjerne ha din tillit dei neste fire åra.

Bruk stemmeretten! Godt val!

Olve Grotle, 

1. kandidat for Høgre i Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS