Sletting av studielån utviklar heile Noreg

Gratulerer! Til alle som ønskjer busetjing i heile Noreg – også i framtida.

Publisert

Frå og med i dag blir det innført ei heilt ny ordning som skal gjere det litt lettare å sikre at det også i framtida er trygt og godt å bu i lokalsamfunn over heile landet vårt. 

At det kjem fleire lærarar til Gamvik og Andøy. 

At fleire sjukepleiarar vel å jobbe mellom anna i Stryn eller på Otta. 

At vi rekrutterer alle legane som trengst – både til Tolga og Drangedal.

Frå og med i dag vil alle som har studielån og flyttar til – eller allereie bur i – ein norsk distriktskommune få sletta 25 000 kroner av studielånet sitt kvart einaste år!

Alle i Noreg skal ha tilgang til gode velferdstenester. Uansett kvar du bur i landet, skal du vite at du har ein lege nær deg. At ungane dine kan gå på ein god skule med kvalifiserte lærarar. At foreldra dine får trygg omsorg på ein sjukeheim med utdanna sjukepleiarar. Likevel er det betydeleg mangel på både legar, lærarar, sjukepleiarar og fleire andre yrkesgrupper i Noreg.

Det aller viktigaste vi kan gjere for å sikre nødvendig kompetanse i heile landet også i framtida, er å motivere fleire som har flytta frå heimstaden sin for å studere, til å flytte heim att etter studia. Og å motivere folk som har vakse opp i større byar til å prøve å flytte til mindre kommunar.

Frå og med 5. januar kjem det nettopp ei ny ordning for dette. Alle med studielån som flyttar til – eller allereie bur i – ein norsk distriktskommune i minst eitt år, skal få sletta delar av studielånet sitt kvart år. Dette gjeld uansett om det til dømes er ein snikkar med yrkesfag, ein elektrikar med fagbrev eller ein lege med høgare utdanning.

Senterpartiet meiner sletting av studielån i distrikta er rett prioritering. Berre i 2026 vil Noreg bruke om lag 63 milliardar kroner på høgare utdanning og forsking. Av dette går over fem milliardar kroner til ulike EU-program. 

Eg har ikkje sett éin einaste kommentar frå Oslo-pressa som meiner det er eit problem at Noreg brukar stadig meir pengar på EU-program for forsking og høgare utdanning. Men kritikken kom langt raskare den dagen Senterpartiet kjempa fram ei ny ordning der vi brukar drygt éin milliard for å sikre at kunnskapen frå utdanningsinstitusjonane våre blir spreidd over heile landet.

Sletting av studiegjeld for alle som flyttar til eller blir buande i distriktskommunar er nettopp eit målretta grep for å sikre ei positiv utvikling i lokalsamfunn over heile landet vårt.

Kjenner du nokon som bur i distrikta og som har studielån? Be dei så fort som mogleg logge seg inn på Lånekassa sine sider og slette 25 000 kroner frå studielånet sitt allereie i dag! Saman skal vi utvikle dette langstrakte og fantastiske landet vårt.

Trygve Slagsvold Vedum,

leiar i Senterpartiet

Powered by Labrador CMS