Skuleutvikling i Gloppen

I Firda Tidend 1. september er Høgre i Gloppen bekymra for om Gloppen kommune tek sitt ansvar som skuleeigar på alvor og knyter dette mellom anna til møtepunkt i samarbeidsutvala (SU) for skulane som er referert på postlista til kommunen. Vidare tek dei med seg eit sitat frå underteikna i Firda Tidend i 2020, der eg ikkje var nøgd med møtefrekvensen i SU. Som leiar i oppvekstutvalet dei siste åtte åra, føler eg trong for å opplyse litt om korleis vi som kommunestyre og oppvekstutval arbeider med skuleutviklinga i Gloppen. Sjølv om ein ikkje har representantar i oppvekstutvalet, er det ingen grunn til at ein ikkje har moglegheit til både å følgje med og debattere korleis vi som skuleeigar skal vere.

Les også
Å lukkast som skuleeigar

Samarbeidsutvala (SU) er sette saman av representantar frå foreldra ved skulen, elevar, rektor og politisk representant. Høgre har rett i at det kunne vore fleire møte, og det var det eg var oppteken av i det nemnde sitatet frå 2020. Ein utsjekk mot åra 2020 og 2021 syner at det då vart prioritert annleis. Administrativt vart det nytta mykje ressursar for å legge til rette best mogeleg skulekvardag for elevane opp mot dei restriksjonane som nasjonale styresmakter sette i samband med pandemien. Oppvekstutvalet fekk jamlege løypemeldingar på tilstanden i sektoren. Senterpartiet held fast på at i skulekvardagen som vart snudd opp ned i denne perioden, var det viktigast å få skulen til å fungere best mogeleg. Ære vere våre tilsette i skulen som gjorde dette mogeleg! SU skal vere bindeleddet med skuleeigar og skulen. Som utvalsleiar har eg tillit til at utvalsmedlemene (KrF, V, Ap, MDG og Sp ) som har møtt i dei ulike SU, har gjort jobben sin, og at dei har drøfta utfordringane på dei einskilde einingane og løfta saker til utvalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppvekstutvalet leverer årleg ei kvalitetsmelding for grunnskulen i Gloppen (seinare døypt om til «oppvekstmelding»). Innhaldet i denne er ein tilstandsrapport for grunnskulen. Den tek føre seg nivået på elevane når det gjeld fagleg innhald, trivsel, mobbing, utanforskap og medverknad. Det har diverre vore lite debatt i kommunestyret når desse meldingane vart lagde fram. Det er fullt mogleg å løfte spørsmål om skule og oppvekst også av andre enn dei som sit i oppvekstutvalet gjennom kommunestyret. Alle som sit i kommunestyret har ansvar for dei saker som kjem på bordet og som kommunestyret skal ta stilling til. Eg tenkjer det er bra og svært gledeleg om også fleire vil debattere korleis vi innrettar skulen. Det er bra for gloppeskulen.

I den viktige saka om revidering av skulebruksplan var det høyring der ALLE hadde høve til kome med innspel. Foreldreutvala (FAU) og SU ved skulane fekk uttale seg. Oppvekstutvalet valde samrøystes å høyre på innspela om skulestruktur. Er ikkje dette medverknad? I marsmøtet inviterte vi inn to elevar frå Nordstranda skule for å få ein prat om leksefri skule og ungdomsinfluensar. Ungdomsrådet som løfta opp ideen om ungdomsinfluensar, var også med på denne presentasjonen. Som Høgre veit og som vart grundig debattert i formannskapet der Høgre også sit, er prosjekt ungdomsinfluensar iverksett. Medverknad?

Det skal no lagast ein kommunedelplan for oppvekstsektoren med offentlege høyringar, og Sp vil vere pådrivar for at foreldre og elevar engasjerer seg i dei kvalitetsmåla som skal setjast i planen. Eg ser fram til at vi får ein god debatt både i det nye utvalet som skal ha ansvar for skulen og i kommunestyret om korleis vi skal utvikle skulen i Gloppen i framtida.

For Senterpartiet sin del er det viktigaste at born skal trivast og lære. Dei folkevalde si oppgåve er å legge til rette med gode rammer for dei tilsette og gode tilhøva for elevane. Difor er det viktig at vi no får bygd Hyen skule, at vi får på plass betre forhold ved Sandane skule, og at vi heile tida strekkjer oss for at kvar elev skal oppleve skulekvardagen som god og oppleve meistring.

Vi har prioritert midlar til IKT-utstyr i skulane slik at elevane våre skal ha godt utstyr, og det er også gledeleg at regjeringa leverer på auka utstyr til læremidlar. Dette er viktig for at skulekvardagen skal fungere godt, og det er viktig for å rekruttere dyktige fagfolk som skal undervise den oppveksande slekt. Vidare er det viktig med eit godt heim- og skule-samarbeid, men at vi også lyttar til fagfolka om kva som er viktigast å prioritere.

Møtefrekvens eller gjere skulekvardagen best mogleg i krevjande tider? Eg ynskjer velkomen ein breiare debatt om skulen og oppveksten i Gloppen, og meiner at det viktigaste vi kan gjere på lang sikt for kommunen vår er at borna våre har ein god oppvekst i Gloppen slik at kommunen framleis kan vere kjend som ein god stad å bu, flytte heimatt til eller slå seg ned i.