– Skulane må stå saman om studiespesialiserande i Nordfjord

Omstrukturering av studiespesialiserande i Nordfjord er dramatisk for regionen vår. Det er forståeleg at fylket må spare pengar, men å legge ned framifrå kunnskapsinstitusjonar gir ikkje meining. God samfunnsøkonomi er det i alle fall ikkje.

Firda vidareskule er meir enn ein skule. Det gamle landsgymnaset på Sandane i Nordfjord har tatt i imot og utdanna ungdom frå heile Vestlandet og vel så det i over 100 år. Denne kunnskapsinstitusjonen står no i fare for å bli plukka frå kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag jobbar eg som realfagslærar på Firda. Før eg byrja her, jobba eg fleire år i medisinsk forsking, først med doktorgrad på Universitetet i Bergen, så med eiga forskingsgruppe ved NTNU. I 2021 ønska familien oss ei kursendring og flytta til Stårheim. Ikkje lenge etterpå fekk eg meg ei vikarstilling på Firda. Eg har ein del erfaring med såkalla kunnskapsinstitusjonar, og har sett litt forskjellig. På Firda jobba dei målretta med skuleutvikling, noko som var tydelig både i kompetansen hjå personalet, og i elevgruppa. Skulen har vunne fleire prisar for arbeidet sitt. Det er lett å forstå kvifor.

Eg har fått mange spørsmål om korleis det var å hoppe av ei akademisk bane for så å byrje som lærar – som om det skulle vere eit steg ned. Svaret er at eg jobbar på ein framifrå kunnskapsinstitusjon som held eit svært høgt nivå på verksemda si. Alle som jobbar med kunnskapsutvikling veit det tar tid å bygge slike miljø. Å øydelegge dei er derimot fort gjort. Sterke fagmiljø og institusjonar tar tid å bygge opp, og skapar verdiar langt utover det som hamnar på budsjettet til fylkeskommunen. Slike miljø er attraktive arbeidsplassar for kompetent arbeidskraft. Skulane i Nordfjord er så nær kvarandre at dei fungerer som ein felles attraktivt arbeidsmarknad. Dei løftar kvarandre, og rekrutterer viktig kompetanse til Nordfjord.

For elevane er nærleik også viktig. Legg ein ned studiespesialiserande på Firda og i Måløy, vil færre velje desse faga. I tillegg vil truleg reiseveg og fleire hybelbuarar minke gjennomføringa. Firda rekrutterer også elevar frå Jølster, og desse dreg truleg til Førde om Firda stenger. Ungdom som uansett må reise på hybel, anten frå Stadlandet eller Bremanger, har hatt gode år i det unike hybeltilbodet på Firda. Både næringslivet og kommunane våre er heilt avhengige av kompetansen til studiespesialiserande i framtida. Dette er ingeniørar, sjukepleiarar, legar, økonomar og så bortetter. Så har også næringslivet i Nordfjord mobilisert breitt mot omstruktureringa.

Det er forståeleg at Nordfjordeid vidaregåande ønskjer to studiespesialiserande klasser velkomen. Når krybba er tom bitast hestane, og det er logisk at ein ønskjer å sikre sitt eige tilbod. Løftar ein blikket, vil derimot nedlegginga svekke Nordfjord på sikt. Nedlegginga vil gi færre elevar, ein mister viktige fagmiljø, og ein blir ein mindre attraktiv region for arbeidssøkande. Ikkje minst er det eit enormt ressurssløseri å legge ned gode fagmiljø.

Det bør også kommunepolitikarane i Stad kommune ha klart føre seg. Demontering av tilbodet i Måløy og på Firda svekkar arbeidsmarknaden både i dag og i framtida. Nordfjord blir mindre attraktivt, og vil få tilgang på mindre kompetanse. Det vil også råke Stad.

Før ein set hælane i jorda bør ein difor vurdere alternativet: at skulane får behalde ei studiespesialiserande klasse kvar, og at ei ekstra klasse vert oppretta på den skulen med høgst søkjartal det året. Dette er ei fleksibel løysing som varetar fagmiljøa og nærleiken til studietilbodet.

Kristian K. Starheim,

lektor Firda vidaregåande skule,

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøpartiet dei grøne Stad