Skal nynorskelevane få BlimE?

NRK har nyleg lansert den nye BlimE!-kampanjen. Sidan 2010 har BlimE! vore venekampanjen til NRK Super, og BlimE!-songane med tilhøyrande dans har årleg engasjert hundretusenvis av born i heile Noreg. Når får vi ein versjon på nynorsk?

BlimE!-kampanjen har nådd ut til born i skular og barnehagar med ein viktig bodskap: Det er bra å vere vener, å inkludere andre og vere forskjellige saman. I tråd med dette har NRK gjort ein førebiletleg jobb med stadig å inkludere fleire grupper i kampanjen – alt i frå born som sit i rullestol, til brukarar av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) og ulike språkgrupper. Det er flott at NRK sidan 2020 har laga ei samisk utgåve av BlimE!-songen og på teiknspråk sidan 2017. På same vis er det spanande at BlimE!-kampanjen i 2022 vart spreidd til andre europeiske land, og med det på andre europeiske språk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan dette er ein så bra kampanje og han når ut til nær sagt alle barn i Noreg, sviktar han på eitt viktig punkt, som særleg rammar dei over 70 000 nynorskelevane i grunnskulen og alle barnehageborna som skal bli nynorskelevar: På dei over ti åra som er gått sidan BlimE! starta opp, har ingen av songane vore på nynorsk. Utan at det nok er tiltenkt, gjer det kampanjen mindre inkluderande enn han burde vere. Med at nynorsk til no ikkje har vore brukt i ein BlimE!-song, sender NRK Super eit uheldig signal til nynorskbrukande born, som allereie lever i eit samfunn der språket deira er mindre synleg enn bokmål. Dessutan er det underleg at nynorsk er så fråverande i ein kampanje som er så retta mot skulen.

NRK Super har sjansen til å gje alle norske elevar tilgang til heile det norske språket ved å inkludere nynorsk i BlimE!-kampanjen. Alle born i Noreg bør få møte både nynorsk og bokmål, og for nynorskelevane i mindretal er det ekstra viktig at dei får sjå språket sitt i bruk i kjekke og viktige samanhengar som BlimE!. Den beste løysinga er at BlimE!-songen vekslar mellom å vere på bokmål og nynorsk. Til dømes kan songen kvart fjerde år kome på nynorsk for alle, og at NRK Super slik bidreg til at NRK når målet om 25 prosent nynorsk. Ei anna god løysing er sjølvsagt at songen årleg kjem på både nynorsk og bokmål.

Noregs Mållag vonar NRK Super gjer BlimE! endå meir inkluderande, og lèt nynorskbrukande born få oppleve språket sitt i neste års BlimE!-kampanje!