
Sjokkerande og skremmande skuleresultat frå Høgre og Venstre
I ein stor annonsekampanje slår Venstre-leiar Guri Melby alarm om resultata i norsk skule. Dei er ikkje berre sjokkerande, men også skremmande. Bakgrunnen for uttalane er utviklinga i PISA-tala frå 2018 til 2022. I løpet av desse åra har grunnleggande kunnskapar i matematikk, lesing og naturfag vorte redusert. Derfor trengs det det ei ny regjering, meiner Venstre-leiaren.
Det er då viktig å vere klar over at elevane som deltok i PISA-undersøkelsen i 2022 var født i 2007. Dei byrja på skulen hausten 2013, då Høgre, Frp, Venstre og KrF overtok styringa av landet med Erna Solberg som statsminister. Først hausten 2021, då dei starta i 9. klasse, fekk landet ei ny Ap/Sp-regjering.
Guri Melby var sjølv kunnskapsminister i eit og eit halvt år, frå mars 2020 til oktober 2021. Det er såleis ein hard dom ho feller over eigen politikk med ord som «sjokkerande» og «skremmande».
I eit intervju i VG i august fortalde Erna Solberg, statminister frå 2013-2021, om sine eigne utfordringar med dysleksi. Solberg snakkar om kor viktig grunnleggande kunnskap er, og seier følgande om barn som går ut av skulen utan å kunne lese og rekne skikkeleg: "– Disse barna svikter vi ikke bare én gang. Men hver dag i ti år."
Solberg si bekymring ville vore meir truverdig dersom ho kunne fortelje kva Høgre, Frp, Venstre og KrF gjorde feil kvar dag dei åtte åra dei styrte landet frå 2013-2021, kva dei har lært av feila sine og korleis dette har gjort skulepolitikken til dei nemnde partia betre.
Senterpartiet ser ikkje PISA-resultata som ein fasit på kor skremmande alt er i norsk skule. Vi har mange flinke elevar og lærarar i heile landet. Framover vil vi fortsette å prioritere skular nær folk, og meir tillit til lærarane for å finne gode løysingar tilpassa elevane.
Emma Berge Ness.
ungdomskandidat Sogn og Fjordane Sp