– Senterpartiet vil tette inntektsgapet mellom bøndene og andre yrkesgrupper

Opptakta til valet i år, med bunadsgerilja, distriktsopprør og bondeopprør, syner klart og tydeleg at ikkje alt berre er rosenraudt i Erna Solberg si framstilling av Noreg. Det murrar i folket frå nord til sør, fleire og fleire ser og kjenner kostnadane av åtte år med borgarleg styring.

Gloppen er ein stor landbrukskommue, og konsekvensen av landbrukspolitikken som vert ført av regjeringa vil ikkje berre ha utslag på inntekta til kvar enkelt bonde. Den vil og gje seg utslag i ringverknadar for elektrikarar, tømrarar, bank, rekneskapskontor, verkstadar og foredlingsindustri. Tal frå Samfunnsøkonomisk analyse syner at kvar mjølkebonde skapar 2,4 arbeidsplassar i tillegg til seg sjølv, så kjem alle med frukt, grønt, bær og kjøt i tillegg. For ein kommune som satsar på attraktivitet og tilflytting, er dette viktig også for å sikre mangfald i arbeidsplassar. Ei aktiv landbruksnæring er også med på å gje moglegheit for at det finnast ein jobb nr. to, dersom eit par eller ein familie skulle få moglegheit til eller tenke på å flytte til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gloppen er i ferd med å bli ein betydeleg reiselivskommune. Ein viktig del av den opplevinga som reiselivet i kommunen sel og marknadsførar seg på, er innramminga av opplevinga. Anten det er smak av lokalmat, natur og kulturlandskap eller aktive grender. Det er gjerne landbruket og det aktive kulturlandskapet som har vore brukt og drifta, i generasjon etter generasjon, som set den siste spissen på opplevinga.

Gloppen, som mange andre landbrukskommunar landet rundt, er i ferd med å kome til eit vegskilje. Der landbruket står på terskelen til å kunne endre seg på ein måte og i ei retning vi ikkje får gjort noko med. Vi kan summere dette vegskiljet opp i to ulike retningar:

Skal ein gå endå lenger i stordrift og industrielt landbruk, som driv intensivt på konsentrert areal på Sørvestlandet, Austlandet og i Trøndelag? Eller skal vi framleis ha eit landbruk med små og mellomstore bruk i heile landet, nytte ressursane i utmarka og halde kulturlandskapet ved like med beitedyr?

Ein ting som har gleda meg veldig, etter at spesielt bondeopprøret byrja bevege på seg i vår, er den oppslutninga dette opprøret har fått blant folk og blant forbrukarane. Verdien av arbeidet som bondenæringa gjer, blir sett og verdsatt. Det er stor vilje blant forbrukarane for å satse endå meir på norsk matproduksjon, også med ein variert bruksstruktur. Problemet er at så langt er det ikkje politisk vilje i den borgarlege regjeringa til å følgje dette opp. Det kan vi gjere noko med.

Dersom vi skal nå Stortinget sitt mål om auka matproduksjon og auka matberedskap, så må heile landet og areal som framleis er i drift vere med. Skal det skje, må landbruket ha eit inntektsløft og det må kome no. Samstundes må det til ei betydeleg auke i investeringsmidlar, som også vert retta inn mot små og mellomstore bruk, og som vert halde høgt framover mot 2034 når kravet om lausdrift slår inn.

Senterpartiet hadde i sitt forslag, då jordbruksoppgjeret var til behandling i Stortinget før sommaren, 1 mrd. kroner meir enn regjeringa sitt forslag til bøndene. I tillegg framlegg om ei auke i regjeringa sitt forslag til investeringsmidlar med ytterlegare 400 millionar kroner. Nettopp fordi dette må aukast no.

Senterpartiet vil òg tette inntektsgapet mellom bøndene og andre yrkesgrupper innan 4-6 år. Dette fordi bøndene ikkje lever av auka mål om matproduksjon åleine.

Det betyr noko kven som styrer landbrukspolitikken i Noreg og det betyr definitivt noko for Gloppen kva retning landbrukspolitikken skal gå i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

No er det val og du kan og vere med på å bestemme dette. Bruk røysteretten din.

Godt val!