Jenny Klinge

Regjeringas «tilgjengelege» politi

Erna Solberg brukte sjølv for mange år sidan omgrepet «tragikomisk» i VG om at eit lensmannskontor i Nord-Odal hadde kort opningstid. Det er vel strengt tatt meir tragisk at det same kontoret og over 120 andre lensmannskontor no er heilt nedlagte og slik ikkje har ein eineste opningsdag i veka.

I tillegg til at mange lensmannskontor er heilt forvunne, er opningstidene på dei gjenverande lensmannskontora oppsiktsvekkande lite forbetra etter politireforma. Dette sjølv om meir publikumskontakt og tilgjengelegheit var viktige grunnar for regjeringa til å gjennomføre reforma.

Dåverande justisminister Anders Anundsens uttalte i 2015, då han la fram den såkalla nærpolitireforma, at: «Et av de viktige kravene er at tjenestedene skal ha et skikkelig tilbud til befolkningen. Det skal ha fleksible åpningstider som gjør at en kan komme til tjenestestedet også utenfor ordinær arbeidstid.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare hadde heile 266 av 354 lensmannskontor og politistasjonar ope kvar dag i følgje politianalysen, som kom i 2013. Av dei 220 kontora som står igjen etter politireforma, er det 114 kontor som har ope dagleg. Resten har ope fire dagar eller færre, av desse har 87 ope berre ein til tre dagar i veka.

Når det gjeld ambisjonane til regjeringa om fleksible og lange opningstider, viser det seg at berre 36 kontor har ope utover ordinær kontortid, som regel berre ein dag i veka. Og då legg eg godviljen til for enkelte av kontora, for somme har ope berre til kl 17 og somme har langope berre annakvar veke. Alt dette står i skarp kontrast til lovnadene som kom frå tidlegare justisministrar, regjeringspartia og statsministeren.

Spørsmålet blir derfor kva regjeringa – og FrP, som i årevis var ansvarlege for Justisdepartementet – sjølve meiner om dette. Er dei fornøgde? Har måla deira om eit meir tilgjengeleg politi vorte nådd? Viss vi skal bruke omgrepet tragikomisk, kan det jo vera om at regjeringa ikkje har klart å oppnå betre tilgjengelegheit etter å ha gjort enorme sentraliseringsgrep med norsk politi. Dei kan ikkje ein gong dokumentere at det har vorte fleire politipatruljar ute på vegane etter politireforma, sjølv om dei påstod på førehand at det å leggje ned så mange lensmannskontor skulle bidra til nettopp meir politi på hjul.

Eg meiner fokuset på opningstider i utgangspunktet var feil, for det er ikkje talet på opningsdagar som avgjer kvaliteten på eit lensmannskontor. Det er betre å halde stengt to-tre dagar i veka dersom tida og ressursane ein sparar kan brukast på nødvendig politiarbeid. Men bedraget frå regjeringa si side overfor innbyggjarane er klart når ein ser på opningstidene for lensmannskontora og politipatruljene, som ikkje har vorte lengre og fleire etter ei politireform som har plukka tilgjengeleg politi vekk frå mange lokalsamfunn.