Politikarar, klimakrise og ressursar

Evangeline Sessford , 3. kandidat for MDG Gloppen, har i FT den 5. september gjeve meg nokre tilbakemeldingar på eit innlegg eg hadde den 1. september, noko eg ønskjer å kommentere.

Du seier i di innleiing at du er heilt einig med meg på eitt punkt, «Eg og er lei politikarar som tenkjer meir på eigen politiske karriere og makt...», kjekt at vi der er einige.

Artikkelen held fram under annonsen.

Du seier vidare at kommentarfeltet til mitt innlegg i Firda Tidend ser ut til å ha blitt kapra av INP si nasjonale støttegruppe? Kva har du og eventuelt MDG det frå, ei slik støttegruppe eksisterer ikkje og påstanden er meiningslaus. I eit demokrati må ein kvar vere fri til å kommentere kva han/ho måtte ønskje. INP driv ikkje med slike metodar og er så absolutt eit parti det er verd å støtte, les partiprogrammet som er laga av «folk flest».

Les også
Svar til Bjørn Aage Eide

Eitt av momenta i mitt innlegg var at Norge snarast må seie opp EØS-avtalen for å få tilbake sjølvråderetten og styringa av landet.

Eg vart litt forundra når du, som politikar og står på 3.-plass på MDG si partiliste, seier at du ikkje vil svare på eller kommentere EU: «Sidan eg enno ikkje har gjort nøye vurderingar av fordeler og ulemper av at Norge blir med i EU»? Norge er dessverre med i EU via EØS-avtalen. Etter mi meining er spørsmålet om EU/EØS svært viktig å ha ei haldning til, også i lokalpolitikken.

For argumentasjonen si skuld vil du ikkje snakke om at det er ei klimakrise. Der er eg delvis einig, men då av den enkle grunn at det ikkje finst grunnlag for å hevde at det no er ei klimakrise.

Eg tek likevel med at nobelprisvinnaren i fysikk for 2022 har underteikna dokumentet frå den klimavitskaplege og -politiske tenketanken Climate Intelligence (CLINTEL), kunngjort den 12. august. Der har no 1.609 vitskapsfolk erklært at det ikkje finst noko klimakrise. FN sitt eige klimapanel, IPCC (Intergovernmental Panel of Climate Change), meiner sjølv også i eigne rapporter, IPCC AR6 WG1, at det ikkje er noko «klimakrise» eller «klimanød».

Du støttar meg i at det alltid har vore klimaendringar, men når du meiner at eg veit det fordi forskarar har studert det, så er eg ikkje heilt einig i det. At det har vore endringar finn alle ut, også forskarar, som set seg inn i og undersøkjer historia. Historia er noko som har hendt og bevisa ligg der. Årsaka til klimaendringane i tidlegare tider vert derimot lite snakka om. Hovudårsaka til endringane var og er fortsett sola, altså naturlege endringar som ingen kan gjere noko med. Men å nemne dette passer ikkje inn når forskarmiljø og politikarar skal prøve å finne bevis for at eventuelle endringar framover er menneskeskapte. Store resursar vert brukte, men bevisa let vente på seg, det finst berre påstandar.

Les også
Kanskje på tide at «folk flest» vaknar opp og set foten ned

Tusentals menneske rundt omkring sit og reknar på CO2-utslepp, bortkasta arbeid for klimaet, men nyttig for utrekning av avgifter som er den viktigaste delen av CO2-sirkuset. Mange av dei har kanskje problem med å forklare korleis 1 tonn diesel kan verte til 3,2 tonn CO2, ein usynleg og luktfri gass, men utsleppstal og avgifter er dei nok flinke med.

Du spør kvifor eg ikkje trur på forskarane som ser framover i tid når eg støttar forskarar som ser bakover? Dessverre så har framtidsforskarane ei mykje større utfordring. Dei må støtte seg på prognoser og modellar som om lag aldri stemmer. Sjå berre på meteorologane som har store problem med å fastsetje vêret ei lita veke fram i tid, sjølv med moderne måleinstrument, satellittar og kraftig datamaskiner. Og så skal vi tru at nokon kan fastsetje vêret og dermed klimaet fleire tiår fram i tid, og i tillegg hevde at det er menneskeskapt? Det trur eg lite på, like lite som på Bjørn Samset i Cicero sin påstand i Dagsavisen i mai 2023: «Det er ikkje dommedag. Det er mykje verre». (Cicero vart oppretta for å underbygge styringsmaktene sin påstand om menneskeskapt klima via CO2 og dei gjer så godt dei kan, dessverre).

Artikkelen held fram under annonsen.

Som nemnt synest du det er litt rart at eg trur på det forskarane seier om fortidas beviselege klimavariasjonar, men ikkje om framtidas spådomar. Det er freistande å stille det same spørsmålet til deg. Når du godtek at tidlegare variasjonar var naturlege og ikkje kunne være menneskeskapte, kvifor skal ein då tru at det framover er noko anna? Kvifor skulle ikkje komande variasjonar vere like naturlege som tidlegare variasjonar?

Når det gjeld ressursar på jorda, så er eg heilt einig i at ein må tenkje seg om og gjere tiltak. Dessverre meiner eg at det såkalla «grøne skifte» tvert i mot aukar rovdrifta på naturen sine ressursar. Du nemner ferskvatn, isbrear, olje, kol, tungmetall, sjeldne metall, organisk materiale og meir, eg ville no også ha teke med hav, skog og urørd natur. Under påskot av «grønt skifte» vert det bygd batteri- og hydrogenfabrikkar i stor stil, vindmøller både på land og til havs, og alt dette med ein statleg subsidiering utan sidestykke. I u-land jobbar barnearbeidarar i fleire tusental for å få fram nok materialar, slik at vi her i vesten kan gjennomføre det «grøne skifte». Kva med naturen, ferskvatn etc. når vindmøllene forureinar i mils omkrins med både fiber og olje, kva med støy og skade på fugle- og dyreliv? Kva kjem til å skje i havet når monsterturbinane vert sette i drift, kva med fiskefelta med både støy og forureining? Det såkalla «grøne skifte» er berre ei bortforklaring for å drive endå meir rovdrift på miljøet, berre til nytte for kapitalkreftene, for klimaet har det ingen positiv effekt, katastrofalt for miljøet og svært kostbart for innbyggjarane. Politikarane ser ikkje ut til å forstå dette, eller så oppfører dei seg som nyttige idiotar.

Du nemnde ikkje folketalsaukane på jorda når du var innom jordas ressursar. Frå å vere 1,65 milliardar på jorda i år 1900, til over 8 milliardar i dag, så skulle det seie sitt når det gjeld forbruk av ressursane. Etter det eg kan sjå, er det om lag ingen politikarar nokon stad som vågar å setje fokus på den auka folkemengda i verda som verkeleg tærer på ressursane. Takka vere auka CO2 har bøndene på jorda makta å produsere meir og nok mat. Kva vi gjer i Gloppen betyr lite, men om vi skulle nytte same avtale og reknemetode som i Parisavtalen for å redusere folketalet på jorda, så ville det berre vere gamle igjen i Gloppen og Norge elles, 50% fødselsreduksjon (utslepp) innan 2030. Men kva betydning ville det ha for det samla folketalet på jorda når dei fleste andre land aukar befolkning med fleire 100 prosent? Like lite som Norges reduksjon av CO2-utslepp i høve det samla utslepp.

Eg håpar eg så nokolunde har svara på dine spørsmål. Eg håpar også at kommunen tenkjer litt sjølv når det gjeld miljø og klima, og ikkje berre godtek alt som styresmaktene kjem med av artige påfunn.

Til slutt kan det vere på sin plass å minne om definisjonen på klima, eg trur ikkje alle er like oppdaterte: «Klima er typisk værmønster på et sted, basert på statistikk over været, vanligvis over et 30-års intervall. Det måles ved å evaluere mønstre av variasjon i temperatur, luftfuktighet, lufttrykk, vind, nedbør, partikkelmengden i atmosfæren og andre meteorologiske variabler i et gitt område over lang tid».

Ei klimaendring må då altså vere endringar basert på data over 30 år. Det skulle ein ikkje tru når media går amok berre det er ei varme- eller nedbørs-periode på nokre veker, kuldeperiodar snakkar dei ikkje om.

Ein god definisjon på «klimakrise» har eg ikkje funne, det eksisterer kanskje ikkje?

Godt val på måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.