Svar til Bjørn Aage Eide

Først må eg seie at eg er einig med deg på eitt punkt. Eg óg er lei av politikarar som tenkjer meir på eigen politiske karriere og makt, enn på å jobbe saman på tvers av parti for å betre vårt livsmiljø – uavhengig om dette miljøet er heile jorda, Norge eller berre Gloppen.

Les også
Kanskje på tide at «folk flest» vaknar opp og set foten ned

Eg synest det er uheldig at mange politikarar ikkje evnar å sjå at dei overordna måla har ein tendens til å vere veldig like; det er ofte berre val av metodar for å nå måla som varierer. Uansett, eg vel å svare til deg her i staden for å halde fram på Facebook-lenka der eg først las innlegget ditt og svarte med ein kommentar. Ein av grunnane er at kommentarfeltet til denne Firda Tidend-posten ser ut til å ha blitt kapra av INP si nasjonale støttegruppe. Den andre grunnen er at Facebook-diskusjonar normalt endar opp i eit vanvit av nedlatande kommentarar og irrasjonell argumentasjon. Ingen av delane er noko eg har særskilt interesse for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan eg enno ikkje har gjort nøye vurderingar av fordelar og ulemper av at Norge blir med i EU, vil eg ikkje svare den delen av lesarinnlegget ditt. Men eg har bakgrunn i klimaforsking, og det er her eg ønskjer å rette ditt søkelys. Du seier at det ikkje er noko klimakrise, men i staden «ei krise i sunn fornuft og ærlegheit».

Greitt, la oss for argumentasjonen si skuld ikkje snakke om at det er ei klimakrise. La oss i staden snu på det og seie at klimaet og jorda har ein sparekonto. Sparekontoen er bygd opp av ressursar: ferskt vatn, isbrear, olje, kol, tungmetall, sjeldne metall, organiske materialar og meir. Det har tatt millionar av år å bygge opp denne kontoen (kreasjonisme tar vi ikkje opp her. Det kan du diskutere ein annan stad om du vil). Jorda har uansett ei bestemt mengde ressursar på kontoen sin. Om vi menneske ønskjer meir, må vi vente millionar av år.

Vi menneske har utvikla oss og verda som vi kjenner den gjennom å bruke desse ressursane som jorda har produsert gjennom så mange år. Og dei siste åra har vi brukt dei i eit slikt tempo at vi tar meir og meir av sparekontoen. Vi har eit moment og ei retning som er blitt utruleg vanskeleg å snu. Kva skal vi gjere når det går mot slutten på desse ressursane?

Utviklinga må sjølvsagt halde fram. Vi kan ikkje gå i stå. Men vi kan heller ikkje halde fram med å bruke opp alt jorda har spart. Vi må finne nye metodar å utvikle og vekse som gjer jorda rik igjen. Og korleis gjer vi det? Gjennom det grøne skiftet! Det kjem til å ta tid, men heldigvis veks ungane våre opp vel vitande om dette spareproblemet.

Om også dømet med ressursar er vanskeleg å akseptere og forstå – tenk heller pengar. Tenk deg at du har brukt heile livet på å spare opp pengar til borna dine slik at dei kan få ei god utdanning og ein god start på vaksenlivet. På 18-årsdagen når ungane får disposisjonsretten til pengane, brukar dei alt saman til å arrangere ein storstilt fest. Den varer riktig nok i tre dagar til ende, men då er pengane brukte opp, og dei står igjen utan pengar. I høve ressursar er vi godt ute på den tredje festdagen no. Det er på tide å bremse opp!

Så tilbake til det du skriv i ditt innlegg. Du etterlyser sunn fornuft. Eg vil argumentere sterkt for at å bruke opp jorda sine ressursar utan å vite korleis vi skal leve utan dei, er mangel på sunn fornuft.

Når det gjeld ærlegheit, kan det vere du har rett at vi har ei krise. For oss menneske er det mykje lettare å tru på og identifisere oss med dei ideane som stemmer overeins med slik vi lever liva våre. Det er verkeleg vanskeleg å akseptere ein gjennomtenkt argumentasjon som bygger på forsking og utprøvingar, som ber sunn fornuft og rasjonale, om den implisitt seier at ditt levesett er trua og du bør gjere endringar.

Det er òg mykje lettare å spreie misvisande informasjon og kome til konklusjonar som stadfestar dine eigne overtydingar enn å gjere tidkrevjande undersøkingar, høyre og lese argumentasjon for og imot, og på den måten ta velinformerte avgjersler. Så på sett og vis er det vel lettare å konkludere med at klimaendringane som er i dag ikkje er menneskeskapte fordi tidlegare klimaendringar har vore naturlege.

Artikkelen held fram under annonsen.

For det har du heilt rett i, det har alltid vore klimaendringar: til og med raske og dramatiske endringar. Og veit du kvifor du veit det? Fordi forskarar har studert det; dei same forskarane som også seier at den globale oppvarminga som vi ser no er heilt annleis enn det som har skjedd før. Og dei seier den kjem på grunn av oss menneske!

Som menneske har vi sjølvsagt rett til å tru akkurat det vi vil, men eg synest det er litt rart berre plukke ut delar av det forskarane seier, og fullstendig ignorere det andre. Viss du trur på forskinga som seier det har skjedd klimaendringer i fortida, kvifor trur du ikkje på det når dei same folka seier det som skjer no er annleis? Slik eg ser det, er å berre plukke ut utvalde sanningar, skremmande nær uærlegheita du åtvarar så sterkt mot.

Ja, vi kan ignorere klimakrisa som er no, men det vil berre gjere det vanskelegare for oss sjølve. Og det gjeld her i vesle Gloppen også. Vi må ha med oss klima og miljø i kvar ei minste lokalsak, og som kommune må vi legge til rette for at det skal vere lett å velje miljøvenleg og tenke på vår felles ressursbank.

Så når vi skal realisere biogassanlegget på Teita, må vi ha med oss miljø, klima og ressursar i tankane i etablering og drift. Og vi må tenke på rolla kommunen har med å gå framfor, vise veg og legge til rette for den delen av privat sektor som viser at dei har miljømedvit.

Vi må også ha med oss miljø, klima og ressursar i tankane når vi jobbar med korleis vi skal få til kommunalt vatn og avløp i Fjellbygda. Og då må vi tenke ressursar både i høve korleis vi gjer det, men også i høve kva vatn, som ressurs, kan legge til rette for av nytt jordbruk for dei som til dømes må omstille seg frå pels til noko nytt. Det same må vi når vi tenker arbeidsplassar, tomteareal og vegar i Hyen.

Dette er ein felles innsats. Om du sjølv ikkje ønskjer å tru på klimatrusselen, ver i alle fall med og sjå på kor avgrensa ein del av våre ressursar er. På den måten kan vi alle spele litt meir på lag, og få til eit skifte i Gloppen – eit grønt skifte!

PS: I lys av ønske om ærlegheit og openheit i debatten: dette innlegget blei først skrive på engelsk av Evangeline Sessford, og så oversett til norsk av Vidar Nyhammer.