Arkivfoto Inger Haldis Aske Lothe.

– Øydelegging av Sandane

Kor lenge skal ein sjå på at Sandane vert øydelagt? Kva er det som får ein til å tru at berre ein får vekk bilane i sentrum, då blir det stas? Butikkane kan ein ikkje ta omsyn til, ein kan handle på nett. Det blir nemleg ikkje mogleg å drive forretningsverksemd på Sandane.

Kvar kjem dei frå alle dei som skal «spasere» rundt i fjordlandsbyen? Kva vil dei på Sandane når det berre er stengde butikkar? Jau, då kan dei setje seg ned på ein benk i sentrum og høyre på ungane i leikestativa, men dei sit ikkje lenge i det bråket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har de folkevalde spurt veljarane dykkar om dei er samde i det som de truleg kjem til å vedta? Det er ikkje sikkert de kan rekne med attval.

Det skulle kanskje vere prøvetid for dei tilsette i kommunen, slik det er på mange arbeidsplassar. Skal denne utviklinga fortsetje, er det to arbeidsplassar som må skjermast. Det er apoteket og Vinmonopolet, for eg trur vi treng noko beroligande i ei aller anna form.