
Ope brev til Ap si kommunestyregruppe
Dette er eit ope brev til Ap si kommunestyregruppe i Sunnfjord kommune og til partileiaren.
Sakene gjeld: Hafstad vgs og ombygging av den til ungdomsskule, kommunale vegar som forfell og Førdepakken.
Firda har i fleire oppslag skrive om Hafstad vgs og Sande skular og om kommunale vegar som har manglande vedlikehald og er i dårleg forfatning, det er her Førdepakken og kjem inn.
Kvifor eg no sender skrivet til Ap-gruppa og ikkje dei andre? Underteikna har i veldig mange år vore medlem i Ap, mange av dei åra som politisk aktiv. Difor ser eg det naturleg å sende skrivet til dykk, men om dei andre partigruppene vil lese det og kanskje vurdere ting på nytt, so er det greit.
Det Firda skriv om Hafstad vgs er at kostnadane med opprusting av den er no kome opp i 82 mill., over det doble av det som var framlagt då vedtaket om flytting vart teke. Fleirtalet i formannskapet skalerte dette ned til 49 mill., ei slik politisk handtering av ei slik sak er ikkje god og vitnar om prestisje meir enn noko anna.
Ordføraren vedgår i Firda at i åra framover må det bli vedlikehaldsarbeid. Med andre ord får elevane undervisninga si på og i ein byggjeplass i fleire år framover, og kostnaden på 82 mill. vert nok resultatet til slutt. Dagens ungdomsskule i Førde er, om opplysningar eg har fått er rette, opprusta for 45 mill. dei siste åra og har like god plass som Hafstad får.
Å rive Førde barneskule for å få plass til utviding av sjukeheimen, kan ikkje vere noko god løysing økonomisk. Mi oppmoding er: Set ein fot i bakken, skrot Hafstad og lys den ut for sal eller bygg den om til sjukeheim. Eg har ikkje registrert ein einaste forelder i Førde - lærar eller andre tilsette ved skulane i Førde som ynskjer Hafstad som ny ungdomsskule, dei vil ha skulane som er der no. Det siste eg no har registrert er at der er starta ein underskriftskampanje mot det opplegget som no er tenkt gjennomført på skulesektoren i Førde.
Adm. ville ta pengar frå Sande skule for å ruste opp Hafstad. Formannskapet skal ha ros for at dei sette ein stoppar for det. Eit vedtak om ei slik pengeflytting ville vere eit hån mot innbyggjarane i Gaular.
Sentrum av Førde er vorte flott opprusta og blir endå betre når ei nødvendig opprusting av Angedalsvegen er ferdig. Alt dette er bra. Men når ein ser bilde og les reportasjene om tilstanden på dei kommunale vegane, så er det ein vemodig lesnad, dette gjeld ikkje berre vegar i utkantane av kommunen, men og vegar tett på Førde sentrum. Når ein ser dette, så minner det om reportasjar frå byar i land ein ikkje likar å samanlikne seg med. Glansbilde og flott i sentrum, nedslite og slumaktig infrastruktur i nærme bakgater.
Det er ikkje godt å lese om foreldre som nektar ungane å bruke vegane i sitt eige byggefelt fordi dei er for farlege. Heller ikkje er det godt å lese om grender som kan bli veglause på grunn av manglande vedlikehald av veg og bruer som kan rase saman, og om dei som ikkje vil fortsette å brøyte fordi det er fare for liv og helse og utstyr.
Dette er kvardagsvegane for folk som er nødvendig å ha i orden, men desse er i ei slik forfatning at dei øydelegg både bil og andre køyretøy. Grunnen er at der er løyvd svært lite pengar til opprusting og vedlikehald. Eg vil gje honnør til Ledvin Solvik og Leiv Halvor Kårstad ved teknisk som no står fram om dette, og at dei på denne avdelinga får mykje kjeft er vel det ikkje tvil om, det same får nok dei som er ute i felten og utfører arbeid so godt dei kan med små midlar. Slik kan det ikkje fortsette, det er de som politikarar som må få på plass pengane, og dei finst dersom ein no tek dei rette grepa.
Då kjem ein inn på Førdepakken. Eg har ikkje tenkt så mykje på kor mykje pengar Førdepakken får årleg av kommunebuskjettet før no, men i dokumenta som ligg i Stortinget fann eg at frå då starten på bompengeinnkrevinga starta 3. oktober 2016 og til hausten 2024, har kommunen betalt 217 mill. inkl.mva-kompensasjon, dette vert i snitt om lag 27 mill. pr. år.
Dette er mykje pengar, dokumenta i Stortinget ligg der i samband med søknaden om løyve til utvida bompengeperiode. Mitt råd er, rust opp Angedalsvegen, men kutt ut bilbrua ved Førdehuset, bygg gang- og sykkelbrua der. Eg ville tru at om ein kuttar bilbrua, så ville ein kanskje kunne halde seg innanfor den opprinnelege bompengeperioden og kommunen kunne spare veldig mykje pengar som kunne bl.a. brukast til vedlikehald.
Eg har ikkje sett at der er noko stort folkekrav i Førde om å få denne bilbrua, og med dei køyrebruene som er der og ligg ganske nærme, så må det kunne klare seg. Ser og at trafikken gjennom bommane går ned, og den nedgangen vil heilt klart gå endå meir ned når Hafstadfjelltunnelen er realisert. Så mi oppmoding til gruppa er: Tenk nytt, kutt ut prestisjeprosjekta, selg Hafstad vgs., eventuelt bygg den om til sjukeheim, det vil bli ei rimelegare og snarare løysing enn dei planane som no er diskuterte om den, skrot bruprosjektet ved Førdehuset. Slik kan ein skaffe pengar til opprusting av vegar og anlegg som kommunen har ansvaret for, kanskje ein kunne få alt opprusta på ein 5-års periode og ikkje slik dei på teknisk trur det vert med dagens løyvingar på 70-100 år.
Ein bygger ikkje opp eit godt omdøme for ein kommune med å bygge skular og bruer svært få vil ha. Det gjer ein bl.a. med å vedlikehalde vegar og andre kommunale eigedomar, slik at det er leveleg for alle i kommunen. Om nokon i gruppa no er sterkt uenig med meg, så svar i avisa slik at andre og kan få del i kva som eg tek feil i. Kom gjerne med dykkar forslag om korleis vegane kan settast i stand no fort, og ikkje om om lag 70 år. Eit forslag om å privatisere dei kommunale vegane kan de berre gløyme, vi treng ikkje meir støy no, det var nok med skulereformsaka.
Pensjonist Magne Skrede, Skei