Områdereguleringsplanen for Sandane sentrum

Nok ein gong har det tatt fyr i debatten rundt områdereguleringsplanen for Sandane. No er det ikkje berre redusert tal parkeringsplassar og sykling i sentrum som skapar debatt.

No er det tilført ein ny dimensjon i debatten; har vi eit demokratisk problem i kommunen? Og har administrasjonen sett politikarane på sidelinja i ei sak som er viktig for den endelege utforminga av områdereguleringsplanen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedtaket som vart gjort i formannskapet i juni 2017 om å legge evalueringsrapporten for parallelloppdraget til grunn for planarbeidet, bygger på at det var ei felles politisk forståing at evalueringsrapporten ikkje skulle vere ein fasit, men ein retningsvisar for det vidare arbeidet med reguleringsplanen.

Vedtaket i formannskapet om å legge evalueringsrapporten til grunn er på langt nær juridisk bindande. Områdereguleringsplanen er først juridisk bindande når kommunestyret har gjort sitt endelege vedtak og når departementet eventuelt har stadfesta planen. Det er derfor både rom og tid for forsvarleg politisk og administrativ handsaming av nye moment som kjem til undervegs.

Det kan, etter mi meining, ikkje vere slik at planar som ikkje passer inn i visjonen om Fjordlandsbyen skal tonast ned og bagatellisert.

Dersom grunneigarane har konkrete planer om å utvikle sine eigedomar, ja da skal Gloppen kommune vere ein JA-kommune der vi samarbeider om løysingar. Ikkje opptre slik at visjonen blir ei hindring for utvikling.

I Firda Tidend 3. juni 2020 seier ordføraren at vi i den lukka delen av møtet i mai 2019 fekk presentert grovskisser med ein grå firkant på eit kart. Mitt eige inntrykk frå dette møtet var at administrasjonen meinte at planane ikkje var særleg seriøse, og dersom prosjektet utvikla seg skulle vi sjølvsagt få meir informasjon.

Det er himmelvid forskjell på det som administrasjonen formidla til oss i den lukka delen av formannskapsmøtet i mai 2019 og det som vi no, via Firda Tidend 19. mai og 29. mai 2020, har fått presentert om Coop og Firda Billag sine planer.

Det er med undring eg merka meg uttalen som kom frå teknisk sjef i formannskapsmøtet den 20. mai: «Eg har kjent til desse planane i eit år. Det er ingenting nytt.

Det som kom fram i Firda Tidend den 19. mai i år var nytt for meg. At det var etablert eit reelt samarbeid mellom Coop og Firda Billag om utvikling av denne tomta, var nytt. At Firda Billag var interessert i å leige vask og oppstillingsplass for bussane utanfor sentrum for å kunne utnytte tomta betre, var òg nytt for meg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og viss eg ikkje tolkar det feil, så var det nytt også for Svein-Ottar Sandal, Magni Aa Berge og for ordføraren, sjølv om ordføraren ikkje lenger er så overraska etter at han har fått summa seg, jamfør Firda Tidend 3. juni.

Vi fire utgjer altså den delen av formannskapet som blei orientert i mai 2019.

Det er heilt klart eit avvik mellom historia som ordføraren fortel i Firda Tidend 3. juni og den uttalen som teknisk sjef kom med i formannskapsmøtet den 20. mai.

Ordføraren og sentrale politikarar gjev uttrykk for at orienteringa i 2019 var overflatisk og at vi venta oppfølging og meir informasjon dersom det skulle vere innhald i planane.

Teknisk sjef seier at han allereie visste alt. For eit år sidan! Det er ingenting nytt!

Ein treng ikkje vere særleg oppvakt for å innsjå at her dukker det opp fleire dilemma:

– Teknisk sjef (og planforum) visste alt, men ordførar visste berre det som var blitt formidla til han i mai 2019 og i eit oppfølgjande møte med Coop/Firda Billag. Då er politisk leiing sett på sidelinja og teknisk sjef og planforum har misforstått rolla si.

– Teknisk sjef (og planforum) visste alt, og ordførar har fått informasjon undervegs, men har av ein eller annan grunn halde denne informasjonen tilbake for formannskapet. Det vil i tilfelle rokke ved tilliten mellom ordførar og resten av formannskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Teknisk sjef (og planforum) visste ikkje alt. Ordførar ditto. Det er normalt, ikkje eit dilemma. Eg og veit mykje mindre enn eg likar å formidle til andre, vi kan rødme og gå tilbake til teiknebrettet.

Det vil vere svært bra for Sandane og Gloppen om Coop realiserer planane sine på Firda Billag-tomta. Det er daglegvarehandelen som er lokomotivet for handel i kommunesenteret.

Kommunen må bidra og vere ein katalysator, slik at Firda Billag får leige vaskekapasitet og oppstillingsplassar utanfor sentrum; til dømes enten på Kleivedammen eller i Eidsmona; da kan Firda Billag-tomta bli nytta fullt ut.

Eg har lært ein ting i denne saka; heretter vil eg protestere på at denne type informasjon som har betydning for reguleringsplanen vert lagt fram i eit lukka møte. Å halde informasjon som har betydning for planarbeidet unna offentlegheita er eit demokratisk problem og etter mi meining ein saksbehandlingsfeil. Aktørar som vil hemmeleghalde informasjon må få beskjed om at kommunen sine planprosessar skal vere transparente. Alle saker som gjeld forvaltning og reguleringar har offentlegheita rett til fullt innsyn i, og å kome med merknader til.

Arnar Kvernevik,

kommunestyrerepresentant Ap