- Å gje røysta til Olve Grotle er ikkje å stemme taktisk, det er eit godt realpolitisk val, skriv Dagfinn Nyhammer i dette innlegget.

Olve på tinget!

Publisert Sist oppdatert

Vi er midt i valinnspurten. I valdistrikt Sogn og Fjordane er det berre tre faste mandat å kjempe om. Dei to store i fylket har vore AP og SP, og dei får nok kvar sitt mandat denne gongen også. Høgre har tredjemandatet, og no bør vi sikre at Olve Grotle kan halde fram det gode arbeidet han gjer for distriktet vårt.

Olve Grotle har vore lokalpolitikar i mange år. Sidan 2021 har han vore stortingsrepresentant, og vore veldig aktiv som næringspolitikar. Er det noko vi absolutt treng, så er det ein politikar som engasjerer seg hundre prosent for næringslivet vårt. Olve har gjort ein frammifrå jobb i Næringskommiteen, og med ny regjering er han også omtala som statsrådskandidat.

Olve Grotle legg vekt på at inkludering i arbeidslivet skaper fellesskap og reduserer forskjellar. EØS-medlemskap, lågare skattar, og mindre byråkrati legg til rette for dette.

Grotle prioriterer vegutbygging, rassikring, og tryggare kommunikasjonsårer. Dette er sentralt for både næringsliv og innbyggjarar i distriktet vårt. 

Olve Grotle kombinerer solid lokal forankring, brei politisk erfaring og eit pragmatisk verdigrunnlag. Dette gjer han til ein sterk og trygg kandidat for Sogn og Fjordane.

Eg vel å tru at dei som ser behovet for å sende trygge og erfarne representantar til Stortinget i neste fireårsperioden, ser verdien av å røyste på Olve Grotle og Høgre. Å gje røysta til Grotle er ikkje å stemme taktisk, det er eit godt realpolitisk val. Utjamningsmandatet er bingo, og i den potten vil vi ikkje ha Olve Grotle.

Dagfinn Nyhammer, 

Gloppen Høgre

Powered by Labrador CMS