Olve Grotle. Arkivfoto.

– NTP og Erling Sande (Sp) si manglande glede

Senterpartiet og Erling Sande held fram med svartmålinga av Sogn og Fjordane. Etter kvart som målinga har flassa av på politireforma, domstolsreforma og anna nødvendig og framtidsretta omstillingsarbeid, har Sande igjen henta fram målarkosten. No er det den nyleg framlagde NTP-en som skal snakkast ned, ein transportplan han påfallande nok òg meiner er blitt dårleg på grunn av opprettinga av Vestland fylke.

Dagens regjering har i snart åtte år bygd vegar og annan infrastruktur som inga anna regjering har gjort før – og langt meir enn det den raudgrøne regjeringa greidde. Faktisk er samferdslebudsjettet i år på 80,4 mrd, medan det siste samferdslebudsjettet til dei raudgrøne i 2013 var på 42,7 mrd.

I Sogn og Fjordane har det òg funne stad ei stor vegutbygging dei åtte åra med Erna Solberg som statsminister. Til eksempel er det på E39 blitt bygd ny ferjekai i Lavik, ny E39 Dregebø-Grytås og Birkeland-Sande i Gaular, og ny E39 langs Jølstravatnet. På Rv 5 har det funne stad store arbeid langs Kjøsnesfjorden, og i Sogndal står den nye Loftesnesbrui ferdig. Regjeringa har vidare greidd å lande konseptval både på Rv15 Strynefjellet med arm til Geiranger og E39 Byrkjelo-Grodås. Viktige og nødvendige steg for å få desse to store prosjekta realisert.

Forrige månad la regjeringa fram sitt framlegg til NTP. Denne inneheld investeringar som langt overstig det den raudgrøne regjeringa makta. For Sogn og Fjordane sin del utgjer berre dei fire største prosjekta over 10 mrd. Dette gjeld E16 Hylland–Slæen i Nærøydalen (1,5 mrd.), Rv. 5 Erdal–Naustdal (2,1 mrd.), E39 Storehaugen–Førde (3 mrd.) og Stad skipstunnel (3,5 mrd.).

Forutan kortare, raskare og meir behageleg framkomst, representerer dei først og fremst sikrare og tryggare ferdslevegar. Ikkje minst på grunn av det siste er dei alle etterlengta prosjekt, som folk i Sogn og Fjordane har venta på i fleire ti-år. Når Erling Sande meiner det er på tide Senterpartiet no får regjeringsmakt, er det derfor på sin plass å minne om at Senterpartiet og Erling Sande ikkje prioriterte desse prosjekta sist partiet sat i regjering. Dette altså i motsetning til dagens regjering.

I tillegg til desse fire store prosjekta, bør det nemnast at det òg blir gjort andre store investeringar, som for eksempel Rv 13 Skare-Sogndal, Rv 5 i Kjøsnesfjorden og E39 Myrmel-Lunde. Som ein del av ei større satsing på kysten, blir det i Kinn kommune sett i gang fleire prosjekt til fleire hundre millionar. I tillegg til alt dette, skal det òg nemnast at det ligg inne gode føringar for nye E39-prosjekt, rassikringsprosjekt og andre prosjekt i Sogn og Fjordane i 2. periode i NTP.

Sjølv om det i NTP ligg inne svært store investeringar i Sogn og Fjordane, er det ikkje alle prosjekt ein har greidd å løyse i denne transportplanen – til det er rekkja av gode prosjekt alt for lang. Det vil ikkje seie at vi ikkje vil arbeide for at vi skal få inn fleire prosjekt i NTP. Tvert om. Vi vil arbeide for at Sogn og Fjordane kan kome endå betre ut når NTP blir behandla av Stortinget til sommaren. Dette gjeld ikkje minst Rv 15 Strynefjellet – eit prosjekt som Senterpartiet og Erling Sande dessutan heller ikkje greidde å realisere då den raudgrøne regjeringa styrte.

Om nokre å vil farande på E16 i Nærøydalen, langs Rv 5 i Naustdalstranda, forbi E39 i Førde, på Rv 1 forbi Stad og fleire andre av prosjekta som ligg inne i NTP, gjere det på ein sikker og god måte – og utan frykt for ras og havari. Det gir grunn til glede – ja, faktisk litt jubel òg.

Olve Grotle,

stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane

Sven Flo,

2. kandidat for Høgre i Sogn og Fjordane