Sunnfjord kommune går inn for å kjøpe 50 aksjar i Nordfjordbrua.

– Nordfjordbrua Anda - Lote er eit spennande prosjekt

Inge Lotsberg og Gunnar Lotsberg har i eit lesarinnlegg stilt mange kritiske, men også relevante og nyttige spørsmål kring dei tekniske løysingane som er utgreidde for Nordfjordbrua.

Les også
Nordfjordbrua – langt fram?

Det er selskapet Nordfjordbrua AS som har hatt ansvaret for å utvikle mogelege løysingar. Dette prosjektselskapet er i hovudskap eigd av kommunane, men også mange bedrifter og privatpersonar er inne på eigarsida. Målet for dette prosjektet er i tillegg til effektiv trafikkavvikling å oppnå både tettstad- og regional utvikling i næringsliv og busetnad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dr. tech Olav Olsen AS har leia forprosjektet og evalueringa av dei ulike tekniske alternativa som er vurderte. Dette ingeniørselskapet er rekna som eit av dei fremste i landet på området. Vi meiner at det er gode faglege argument i den konseptvalutgreiinga som ligg føre.

Les også
Mykje ros og litt ris til regjeringa og Erling Sande

Kanal

Lotsberg har særleg kritiske merknader til kanalløysinga på Andaneset. Det er forståeleg sidan det også er eit naturinngrep, og det trengs nok fleire tilpassingar. Nordfjordbrua AS har hatt som mandat å utgreie ei løysing som kan gjennomførast teknisk og som økonomisk held seg innanfor den pengestraumen som ligg i ferjebillettar og dei midlane som staten i dag brukar på ferje. Dette set grenser for kva som kan realiserast, men om denne føresetnaden skulle bli endra, er det sjølvsagt rom for andre vurderingar enn det styret har lagt til grunn.

Les også
Nordfjord treng Nordfjordbrua!

Som grunnlag for tilråding om kanalløysing ved Andaneset ligg ein rapport frå ein simulatorseglas som vart gjennomførd i 2021 i samarbeid med Kystverket ved Offshore Simultation Center (OSC) ved Ålesund kunnskapspark. Til stades var losar, farleid-spesialistar, nautikarar og fagkompetanse på bru. Her deltok også cruisekaptein med lang erfaring frå store cruiseskip. Føremålet med denne seglasen var å få innspel frå eit maritimt perspektiv for å optimere løysingsforslaget til ein kanal. Det vart gjennomført i alt åtte simuleringar både med og mot leia, med ulik styrkje og retning på vinden. Skipet som vart brukt som modell var «Oasis of the Seas» som er blant verdas største skip. Dette stilte særlege krav til breidda på kanalen og fungerte som ein utmerka test for manøvreringsevne gjennom kanalen. Under simuleringa vart det også gjort vurderingar av naudsynt tid der brua vil vere stengt før og etter skipsgjennomfarten. Det er også gjort vindmålingar for området.

Les også
– Viktige nyheiter for Nordfjord

Omtala i Nasjonal Transportplan

Rett før påske la regjeringa fram Nasjonal Transportplan (NTP 2025-2036) som skal handsamast i Stortinget i juni. Det positive er at sambandet Anda - Lote er omtala. Regjeringa melder også at Statens vegvesen skal gå gjennom prosjektet og dei utgreiingane som Nordfjordbrua AS har fått utarbeidt. Dette kan sjølvsagt føre til nye tekniske og økonomiske vurderingar.

Les også
NTP: Vil at Statens vegvesen vurderer Nordfjordbrua

Men la det vere heilt klart, ei fjordkryssing i dette området vil sjølvsagt legge til grunn at store cruiseskip skal kunne passere inn og ut av fjorden heile året. Og kanskje blir ei slik passering ein ny turistattraksjon for mange.

Harald Kjelstad, styreleiar i Nordfjordbrua AS

Svein-Ottar Sandal, nestleiar i styret

Les også
– Forslaget om denne kanalen burde vore stogga før den kom til teiknebrettet