Nokon må balansere Oslo-makta

Noko av det som kjenneteiknar Noreg er at det bur folk og vert skapt verdiar på små og store stader i heile landet vårt. Sentraliseringskrafta er sterk og det trengs ei politisk kraft som kjempar for at vi skal ha levande lokalsamfunn både i nord og sør, både på kysten og i innlandet.

Om du gjev stemma di til Senterpartiet, er du med å styrke motkrafta mot sentraliseringa. Vi vil av at folk skal ha gode tenester som helse, omsorg og god skule nær der folk bur.

Eit sterkt Senterparti er også viktig for å sikre at kontrollen med naturressursane, fisken og krafta vår er på norske hender. Vi er mot å kople oss nærare på EU sin energimarknad og norsk EU medlemskap.

Bruk røysteretten - godt val!

Topp tre på stortingslista til Sogn og Fjordane Senterparti,

Erling Sande, Aleksander Øren Heen og Emma Berge Ness

Powered by Labrador CMS