No blir det bygging – og det betyr tryggleik, beredskap og verdiskaping langs kysten
Det finst stader langs norskekysten der naturkreftene set heilt eigne premissar. Stadlandet er ein av dei. Mange har opplevd det på kroppen – anten som sjøfolk, fiskarar, reiarlag, eller som folk som lever av at varer og folk kjem fram i tide. Vêret kan snu fort, bølgjene kan bli enorme, og farvatnet utanfor Stad er blant dei mest utsette langs heile kysten.
Difor er Stad skipstunnel så viktig. Og difor er vi stolte over at vi no har sikra at tunnelen faktisk skal byggjast.
I forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett har Senterpartiet fått gjennomslag for oppstart: 150 millionar kroner er løyvd, og prosjektet har ei estimert kostnadsramme på 8,6 milliardar kroner. Det betyr at dette ikkje lenger berre er ein draum eller ei mappe i ein skuff – no blir det handling.
Eit tryggleiksprosjekt – først og fremst for folk på sjøen
For Senterpartiet handlar Stad skipstunnel først og fremst om tryggleik. Når skip kan gå gjennom Stad i staden for å måtte runde det mest vêrharde havstykket, reduserer vi risikoen for ulykker og farlege situasjonar. Det handlar om arbeidskvardagen til sjøfolk – og om at dei skal kome trygt heim.
Samtidig handlar det om beredskap. Når vi får ein meir robust og føreseieleg kysttransport, styrkjer vi evna vår til å handtere kriser, ekstremvêr og uønskte hendingar. I ei tid der beredskap blir viktigare, er det rett å investere i infrastruktur som gjer landet meir motstandsdyktig.
Meir føreseieleg transport – betre for næringslivet
Noreg er ein maritim nasjon. Vi lever av havet, og vi lever av transport langs kysten. Når farvatnet ved Stad stengjer eller skapar store forseinkingar, får det konsekvensar langt utover lokalsamfunna i området. Det rammar logistikk, leveransar, eksport og verdikjeder.
Stad skipstunnel vil gi betre regularitet og meir føreseieleg framkomst. Det er bra for fiskerinæringa, for sjømatnæringa, for kystfrakta og for næringslivet som er avhengig av at transporten går – også når vêret er på sitt mest krevjande.
Eit løft for heile kysten – og for heile Noreg
Det har vore mange som har brukt år på å kalle Stad skipstunnel «sløsing». Vi meiner det seier meir om synet deira på kysten enn om prosjektet. For oss i Senterpartiet er dette eit klassisk eksempel på å byggje heile Noreg: Vi investerer der behova er store, der risikoen er reell, og der verdiskapinga er avhengig av trygg infrastruktur.
Stad skipstunnel er ikkje eit prestisjeprosjekt. Det er eit nytteprosjekt – for tryggleik, for beredskap og for næringsliv.
Framdrift og kontroll – begge delar
Når vi no set i gang, er det heilt avgjerande at prosjektet blir gjennomført med god styring, framdrift og kostnadskontroll. Senterpartiet har vore tydelege på nettopp det: Vi skal ha både fart og kontroll. No forventar vi at arbeidet blir følgt opp vidare med høg intensitet, slik at vi får realisert dette viktige kystløftet.
No blir Stad skipstunnel bygd. Det er ei god nyheit for kysten – og for Noreg.
Erling Sande, Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Sogn og Fjordane
Geir Inge Lien, Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Møre og Romsdal