Hege Lothe, SV sin førstekandidat i Sogn og Fjordane til stortingsvalet 2025.

Nei til Frps nivådelte skule

Noko av det finaste med den norske skulen er at alle barn møtest i dei same klasseromma – uavhengig av bakgrunn, bustad eller økonomi. Fellesskulen er ein av Noregs største styrkar, eit konkurransefortrinn som byggjer tillit, fellesskap og forståing.

No står dette på spel med Frp som vil gjere norsk skule meir lagdelt. Dei ønskjer å skilje ut dei såkalla «svake» elevane og undervise dei for seg sjølve. SV seier tydeleg nei.

Vi er for tilpassa undervisning – ikkje splitting. Den nye opplæringslova slår fast at elevar med særlege behov skal få ekstra oppfølging, men det skal skje i klasserommet, ikkje ved å sortere born i faste nivå frå barneskulen av.

Nivådeling høyrer fortida til. Systemet vart avskaffa på 1970-talet fordi forsking viste at det ikkje fungerte. Nivådeling skapar stigmatisering, svekkjer motivasjonen og reduserer samarbeidet mellom elevar. I tillegg blir systemet rigid. Det kan gjere det vanskeleg for elevar å endre nivå om dei utviklar seg raskt, og kan føre til at dei ikkje får tilpassa undervisning.

Der FrP vil ha ein nivådelt skule, vil Høgre trasse evalueringa av seksårsreforma og gje endå meir skule til dei yngste. SV meiner dette er feil veg å gå – vi må heller styrkje føresetnadane for god læring. Noko kan løysast i skulen, mellom anna ved å styrkje laget rundt eleven og sikre god bemanning som har tid til å gjere jobben sin, men skal vi sikre gode læringsvilkår, må vi òg sjå utanfor klasserommet.

Forskjellane i skuleprestasjonar mellom born frå dei ti prosent rikaste og ti prosent fattigaste aukar gjennom skuleløpet, og denne dynamikken ser ut til å vere sterkare enn før. Auken kjem av at dei elevane som er i ein krevjande situasjon, hamnar meir bakpå på skulen, medan dei andre er om lag på staden kvil. Økonomien heime er rett og slett direkte knytt til kor mykje borna lærer på skulen.

Med ei borgarleg regjering vil skilnadane mellom dei med mest og minst berre bli større, og det igjen vil få konsekvensar i skulen. SV vil ein annan veg. Vi vil ha ein skule som byggjer ned forskjellar, ikkje opp. Vi vil satse på fleire lærarar, styrking av laget rundt eleven og tiltak som vi veit fungerer.

Vi treng ein skulepolitikk som set barna først. Skal vi gi fleire barn reelle moglegheiter, må vi redusere forskjellane – ikkje forsterke dei.

Når ungane våre deler klasserom, lærer dei meir enn berre fag. Dei lærer å samarbeide, forstå kvarandre og byggje tillit på tvers av bakgrunnar. Det er dette fellesskapet vi må ta vare på.

SV seier nei til FrPs nivådelte skule. 

PS! Vi seier òg ja til nynorsk for alle i skulen. Ekte valfridom krev tospråkleg opplæring – i motsetning til FrP, som helst vil fjerne sidemålet.

Hege Lothe

stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS