Ingrid Aanderud Sælen. Foto: Monika Litsheim.

Når det brenn, er det for seint å førebygge

10. oktober er Verdsdagen for psykisk helse. Årets tema er «Vi trenger å styrke vår psykiske beredskap». Verdensdagen vert markert i veke 39-42 kvart år. 

Psykisk beredskap må byggjast i fredstid 

Vi treng så absolutt å styrke den psykiske beredskapen, vår evne til å stå i vanskelege situasjonar. Det handlar om kva vi kan gjere sjølv, kva vi kan vi kan gjere saman og kva for strukturar rundt som gjer oss tryggare. 

Men psykisk beredskap er ikkje ein knapp vi kan trykke på når det brenn. Når krisa først er eit faktum, er det for seint å snakke om førebygging. Då treng vi eit system som er klart til å møte, støtte og behandle. Å styrke beredskapen betyr å ta psykisk helse på alvor før symptoma blir ulevelege. 

Pasient- og brukarombodet blir ofte kontakta om tunge saker. Det handlar om pasientar som blir skrivne ut frå psykiatrisk behandling før dei er klare til å møte livets krav. Om pasientar som opplever tidspress for betring då andre står i kø. Det handlar om pårørande som står i tunge omsorgsoppgåver, og kor samarbeidet med tenestene ikkje alltid fungerer. 

Når nokon mister livsmot og framtidshåp er det ikkje tid for førebygging. Då er det tid for handling. Beredskapen må vere på plass før det kjem så langt. 

Behovet aukar – tilbodet minkar 

Pasient- og brukarombodet er uroa for om menneske med psykisk smerte får den hjelpa dei treng. Uroa er forsterka av at vi aldri før har blitt kontakta så ofte om tilhøve innan psykisk helsevern. I fjor passerte vi 2700 førespurnader om tematikken nasjonalt, og det var femte året på rad med auke. Mental Helse og Kirkens SOS har rekordhøg pågang.

På individnivå seier ekspertane at vi må tore å spørje kvarandre når vi ser at nokon ikkje har det bra. Det er vel og bra at vi skal snakke saman, men kva skal vi gjere med svara vi får?

Der verkar samfunnsdebatten å stoppe opp.

Vi veit at 727 menneske tok sitt eige liv i Norge i fjor. Og bak talet, er det ekte menneske med ekte kjensler. Eit sjølvmord rammer hardt. Og det rammer vidt. 

Samtidig veit vi at Helse Førde og kommunane må spare pengar. Døgnplassar i psykiatrien har over tid blitt lagde ned. Dei siste 20 åra er døgnplassane i landet vårt nærast halverte, medan folketalet har auka med ein million. I løpet av 2024 forsvann 21 plassar (kjelde: SSB, Sykepleien 19.6.25).

Trass i lovnader frå politikarane om det motsette, viser tala at nedgangen i døgnplassar held fram.

Vi må ta tak i psykisk helse før det går gale

Verdsdagen for psykisk helse gir oss ei viktig påminning: Psykisk helse er ikkje noko vi kan ta tak i først når det går gale.

Vi kan heller ikkje snakke om psykisk beredskap utan samstundes å snakke om ressursar og systema vi har for å møte menneska. Skal vi møte det aukande behovet, må vi styrke psykisk helsevern – både i sjukehusa og i kommunane.

Det er på tide å satse – ikkje spare. 

Når vi ikkje er i krise, men i kvardag, treng vi alle eit beredskapslager. Akkurat som vi lagrar mat og medisinar for krisetider, må vi også sørge for at psykisk helse får plass i beredskapen vår. 

Og kva kan vi gjere sjølv for å styrke lageret vårt? Det er det verdt å tenke gjennom kvar for oss, og noko denne dagen er ei god og viktig påminning om. 

Ingrid Aanderud Sælen, 

pasient- og brukarombod

Powered by Labrador CMS