Jørn Horvei rett etter kreftoperasjonen.

Menn må ta kroppen på alvor

I 2019 fekk Jørn Horvei frå Bergen vondt i halsen. Det vart verre og verre, og etterkvart klarte han ikkje å eta mat. Gjekk han til legen? Nei, han åt suppe. Tenkte det sikkert ville gå over. Men det gjorde det ikkje. Det vart verre og verre, og når summaren kom, klarte han ikkje å eta suppe eingong. Gjekk han til legen? Nei, han ville ikkje forstyrre legen i ferien.

Til slutt vart det så ille at han ikkje fekk i seg næring i det heile, då gjekk Jørn til legen. -Kvifor venta du så lenge, spurte legen Jørn. Det viste seg at Jørn hadde spiserørskreft. I dag er Jørn kreftfri, takka vere eit heilt fantastisk helsevesen, men han har gjennomgått mykje, og har fleire seineffektar som han slit med. -Eg skulle nok gått til legen mykje tidlegare, seier Jørn.

Kvart år får over 20 000 menn i Noreg kreft. Mange kunne fått hjelp tidlegare. Problemet er ikkje berre at menn veit mindre om kreft, men at helseinformasjonen sjeldan når oss. 

Vi les sjeldnare om helse på nett, snakkar mindre med vener om kroppen og unngår å gå til legen før vi må. Mange seier rett ut at dei ikkje bryr seg om helseinformasjon.

Denne veka lanserte vi i Kreftforeningen ein rapport som viser at menn har mykje dårlegare kunnskap om kreft enn kvinner. Når berre éin av fem menn kjenner faresignala på kreft, seier det alt. Vi manglar ikkje styrke. Vi manglar verktøy til å ta kontroll over eiga helse. 

Sjølv helseministeren sin eigen statssekretær, Karl Kristian Bekeng, tilsto i eit intervju med NRK måndag at han kjenner seg igjen i funna i rapporten: 

– Eg har sjølv vore ein av dei som brukte for lang tid på å sjekke noko, og så viste det seg at det ikkje var noko farleg. Men eg fekk streng beskjed av legen om at eg gjerne kunne ha kome tidlegare, sa han til NRK.

Derfor treng vi ein mannestrategi for helse. Helsemyndigheiter, arbeidsgivarar og organisasjonar må møte menn der vi faktisk er: på jobb, i garderoben, i idrettslaget, i fagforeininga. 

Helse handlar ikkje om å vere svak, men om å vere føre var. Du tar service på bilen før motoren ryker. Kvifor ikkje sjekke kroppen på same måte? 

Jørn gjekk til legen til slutt, det redda livet hans. No må fleire gjere det same: Kjenn etter. Ta praten. Har det ikkje gått over på tre uker, gå til legen. Det er ikkje svakt. Det er smart! 

Geir Vangsnes, 

regionleiar i Kreftforeningen Vestland

Powered by Labrador CMS