Langt og trygt, heller enn breitt og dyrt

Skal vi få betre vegar og auka trafikksikkerheit, er ikkje firefelts motorvegar løysinga. Noreg har allereie over 600 kilometer motorveg, og mykje meir er under planlegging. Men her i Sogn og Fjordane har vi verken motorvegar eller plass til dei. Vi treng noko heilt anna.

Sogn og Fjordane er blant stadane i landet som treng rassikring mest. Den bratte topografien vår aukar fare for både snøskred, jordskred og steinsprang. Kvar vinter opplever vi vegstengingar som gjer det utfordrande å planleggje kvardagen – ja, til tider rett og slett å bu her. Difor er det på tide å satse på betre infrastruktur der folk bur.

Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane er enormt. NAF har rekna seg fram til eit behov på over 100 milliardar kroner berre for vedlikehald, og 61 milliardar for skredsikring. Det er her SV legg ressursane inn – ikkje i motorvegar som et opp matjord, natur og skattepengar.

Motorvegane er ikkje berre dyre, dei er også dårlege for klimaet. Dei krev store naturinngrep og aukar både støy, forureining og klimagassutslepp. Når vi veit at det går 30 % meir energi til å køyre i 110 km/t enn i 90, er det openbert at det bør vi ikkje bygge.

Politikken vår gagnar heile landet – men kanskje aller mest oss i Sogn og Fjordane. Søndag 31. august møter du SV på ferjeleie i heile Sogn og Fjordane for å markere at vi vil ha trygge kvardagsvegar, rassikring og ferjer som går ofte.

Hege Lothe,

stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane

 

Powered by Labrador CMS