Hege Lothe.

Kvifor skal du røyste SV?

I valkampen har eg reist på kryss og tvers i Sogn og Fjordane. Eg har møtt fleire som spør om det er noko vits i å stemme. Vil det gjere ein forskjell? Eg har sagt ja til å stå øvst på stortingslista til SV fordi eg meiner at vi kan gjere ein forskjell og fordi SV har god politikk for oss som bur i Sogn og Fjordane.

Eg har møtt barnehagetilsette som innstendig ber om meir bemanning i barnehagen, eg har møtt unge gutar og jenter som ynskjer mindre i skatt og godt vaksne kvinnfolk som endeleg har fått teke fagbrev og gått opp i løn. Det gjer meg meir overtydd om at å bruke stemmeretten er viktig. Det betyr noko kven som styrer og det betyr noko med eit sterkt SV som pressar på for rettferdig fordeling, for klima og natur, og for internasjonal solidaritet.

Rettferd for vanlege folk 

Folk med vanleg inntekt skal sitje att med meir. Sidan 2021 har SV flytta 26 milliardar kroner i forhandlingar med Ap-regjeringa. Pengane har styrka velferda og gjeve folk betre kvardagsøkonomi. Dei neste fire åra vil vi flytte 30 milliardar til, for å redusere ulikskap. Vi vil fullføre tannhelsereforma, få ned matprisane ved å bryte opp daglegvarekjedene, auke minstepensjonen og minstesatsane for uføre og AAP med 1000 kroner i månaden, og auke barnetrygda til 30 000 kroner i året. Dette er politikk som vil merkast i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane treng grøn industri og ein levande natur

Vi merkar klimaendringane tett på kroppen med flaum, ras og uvêr. Samtidig treng vi arbeidsplassar som gjev ungdommen framtidstrua. Derfor vil SV satse på grøn industri. Subsidiane til grøn næring er ikkje sløsing, men investeringar i jobbar og teknologi som kuttar utslepp.

Naturen er grunnlaget for reiseliv, matproduksjon og tryggleik, og naturen er også avgjerande for å redde klimaet. Naturkrisa og klimakrisa heng saman, og vi kan ikkje løyse den eine utan å ta vare på den andre. Difor seier vi nei til giftig gruveslam i Førdefjorden, gondolbane til kanten av Jostedalsbreen og ammoniakkfabrikk på Holmaneset i Bremanger. Sogn og Fjordane har alt som trengst for å gå føre i ei rettferdig grøn omstilling, men då må vi ha politikarar som set folk og natur først.

Oljefondet ut av brot på folkeretten

Folk i Sogn og Fjordane bryr seg om det som skjer ute i verda. Krigen i Palestina er brutal, Gaza står på randen av etnisk rensing og det palestinske folket lever under okkupasjon. Noreg er eit lite land, men Oljefondet vårt er mektig. Derfor meiner SV at vi ikkje bør tene pengar på folkemord og vi difor må trekke Oljefondet ut av folkemordet – og ut av selskap som sel våpen til Israel eller støttar opp under okkupasjonen.

Godt val! 

Eg vil takke for alle dei gode samtalane og innspela eg har fått, og for gode debattar med dei andre partia. Det betyr noko kven som bestemmer. Ha tru på at røysteretten betyr noko, eg vonar du røystar SV! 

Hege Lothe, 

stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS