Illustrasjonsfoto.

Kva skjer med kulturlivet i Gloppen?

Ope brev til politikarar og kommuneadministrasjon.

Her kjem spørsmål vi håper rette vedkomande vil svare på, og her kjem synspunkt og hjartesukk, som vi håper de som skal ta avgjerder vil lytte til.

Initiativet til dette brevet kjem frå Festivalforum i Gloppen og Arbeidsgruppa for kulturforum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag 10.11.20 arrangerte Festivalforum og Arbeidsgruppa for kulturforum møteplass for kulturlivet, og dit var kommunedirektør Anders Skipenes og kommunalsjef for berekraft og samfunn, Liv Andenes, invitert for å orientere om kva konsekvensar ny organisering av kommuneadministrasjonen og kutt i budsjetta i kultursektoren får for kulturlivet i Gloppen. Vi fekk nokre svar, men ikkje gode nok, og vi er redde det same gjeld politikarane våre – har de godt nok grunnlag til å vurdere om tiltaka verkeleg gir innsparing og at dei ikkje er irreversible, veit de kva konsekvensar det får for feltet – og dermed for ein stor del av innbyggjarane i Gloppen?

Skipenes framheva at kulturlivet er limet i samfunnet,– og vi kunne ikkje vere meir einige. I tillegg har kunst og kultur ein eigenverdi og ei evne til å skape meirverdi, som vi vil at de skal ha med i reknestykket.

Vi veit at både politikarar og administrasjon står overfor vanskelege val, og vi veit at kultursektoren må ta sin del av kutta. Vår agenda er å få fram dei verkelege konsekvensane bak tala og kva for ringverknader det har for feltet, så kan vi vere litt tryggare på at de tek avgjerder på korrekt og solid grunnlag. Eit kutt i kulturskulen, kulturhuset eller biblioteket sine tilbod rammar ikkje berre dei som arbeider der, det rammar eit heilt felt og alle som bur i Gloppen.

Kulturlivet i Gloppen er ein fin vev av profesjonalitet og amatørverksemd, av frivillige og betalte kulturarbeidarar, men vi vil òg seie at kulturlivet er tufta på frivilligheit i langt større grad enn ein ville tenkje at noko anna yrkesgruppe ville vere viljuge til. Vi brukar å dele feltet inn i fire område: Festivalane, frivillige lag og organisasjonar, offentlege institusjonar og det frie feltet (alle dei som utøver yrket som kunstnarar, musikarar, dansarar m.m. men ikkje får pengar for dette gjennom institusjonane.)

Kutta som no ligg føre som forslag er kopla til avgrensa verksemder, men vil ramme heile feltet. Det er viktig for oss å få fram.

Kulturskulen

Etter det vi får opplyst er lønsmidlane til inspektørstillinga (100%) ikkje vidareførte i 2021. Her misser altså kulturskulen ei heil stilling til administrasjon og undervisning. Dette gjer at mellom anna Gloppen janitsjar ikkje får kjøpe dirigenttenester frå kulturskulen lenger (og kulturskulen misser den inntekta – ca. 100.000 kr). Dette er eit godt døme på korleis amatør- og profesjonell kulturaktivitet er vevd i hop og korleis det frivillige kulturlivet vert ramma av at ein skjer i kommunale tenester. Heller ikkje ei 5,53% stilling til visuell kunst er vidareført. Dette er gruppeundervisning som gir så gode inntekter, at det vil koste under 10 000 kr å gje 8 barn kunstundervisning eit heilt år. Når vi veit at det ikkje ligg for alle å ha glede av å spele musikk eller danse – dvs. stå på ei scene, er det verkeleg trist at kommunen tar vekk eit slikt tilbod. Vi treng inkludering, ikkje ekskludering. I tillegg er overtid kutta med 25 000 kr,- dvs. at kulturskulen har mindre rom for å vere med på arrangement/konsertar/samarbeid med andre delar av kulturlivet. Posten til utstyr/instrument er halvert og kuttet er på 35 000 kr. Vi vonar dette ikkje vil gå ut over høvet elevar har til å leige instrument gjennom kulturskulen. I tillegg ligg det inne eit kutt på 273.000 kr. Dette ser ut til å vere ei lærarstilling, eller har de tenkt å ta ei distriktsmusikarstilling? Kva for tilbod skal takast vekk? Korleis rammar det andre delar av kulturlivet? Kva for inntekter fell vekk i same rennet? Kva for del av kulturlivet vert ramma?

Med denne reduksjonen i tilbod – har ein sett på korleis det rammar samarbeidet med Firda vgs? Det er lett å tenkje seg at om kulturskulen vert svekka, svekker det også Musikk/dans/drama på Firda, og kor lenge får ein behalde Firda vgs. om ikkje spesialtilbodet M/D/D er her? Og det får i alle fall store konsekvensar, for heile Gloppen-samfunnet.

Prisane i kulturskulen er også justerte, noko som gir ei ekstra inntekt på kr 55.000,-. Kven rammar det? Inkluderande? Har ein tatt høgde for at det kan gjere at elever fell i frå og at det gjev inntektstap?

Artikkelen held fram under annonsen.

Kulturhuset Trivselshagen

Her er det særleg tre punkt vi vil lyfte fram, – og få utfyllande svar på:

1) Ein vil redusere økonomisk risiko ved arrangement. Vi forstår det som at ein ikkje skal skipe til arrangement der ein kan gå i minus. Det vil vel seie at ein må fokusere på mest mogeleg kommersielle arrangement? Vi meiner det er ei farleg veg å gå om eit offentleg drive kulturhus ikkje også kan ta inn arrangement/produksjonar med høg kunstnarisk verdi. Det er viktig at ein også tilbyr såkalla smalare produksjonar og uttrykk.

2) Ein vil revidere prisstrukturen i kulturhuset. Kva ligg i det – auka leigesummar? Og kven går det ut over – mest av alt lag/organisasjonar/festivalar m.m. altså det lokale kulturlivet. Det inneber mest sannsynleg auke i billettprisar, medlemsavgift hos lag og organisasjonar m.m. Igjen er det verdt å tenkje på kva som kan vere med å utjamne forskjellar og gjere kultur tilgjengeleg for alle.

3) Det er foreslått å avvikle heile drifta av kafeen i kulturhuset. Dette er det punktet vi er mest redde for. Dei som trur at dei som arbeider i kafeen berre smørjer smørbrød og steikjer pizza til Firda-elevane tek feil. Personalet i kafeen er i høgste grad med på å drifte heile huset. Dei er aktivt med i arrangementsavviklinga (kino/konsertar/konferansar m.m.) i huset, og blir kafeen og folka der borte utan at ein får erstatta den ressursen med anna ressurs, vil ein sjølvsagt merke dette. Kulturhusleiaren kan ikkje vere til stades heile døgnet, og det vil bli ein nedgang i tal arrangement som ein kan avvikle på den ressursen som er igjen. Om dette inneber ein nedgang på 20% vil det seie 15-20 arrangement i året. Det vil sjølvsagt vise igjen på inntektsida, i tillegg til at det vert eit fattigare kulturtilbod i Gloppen. Og for dei av oss som arrangerer festivalar og har einskildarrangement i huset er kaféen og dei som arbeider der – at det finst folk på huset – eit viktig element. Vi kan ikkje kome ein time før konsert, vi må planlegge, rigge og ha personale tilgjengeleg i fleire dagar. Det vert antyda at personalet i kulturhuset nyttar ca. 20 arbeidstimar (i snitt) til kvart arrangement i kultursalen. Kven skal utføre dette om kafépersonalet forsvinn og kulturhusleiaren som er i halv stilling skal ta seg av alt? Dette kan ikkje utførast av frivillige. Kommunedirektøren antyda at ein ville opne for at lag og organisasjonar kunne ha kjøkkenet sjølve. Det er det dei færraste av oss eksterne arrangørar som har kapasitet til i tillegg til å skipe til kulturarrangement, og det er vel heller tvilsamt om Mattilsynet vil synest dette er ein god idé. Slik vi ser det, må ein på ein eller annan måte erstatte personalet i kaféen med annan ressurs, og ein vil ha liten innsparing ved å legge ned kafeen, kun forringe det totale tilbodet i kulturhuset.

Det er eit paradoks i framlegga kring kulturhuset: Det er kome framlegg om hyppigare bruk av skjenkeløyve og vi veit at det har vore på trappene å gjere kaféen meir publikumsvenleg med nye møblar. Begge deler vil gjere huset og inntektsgrunnlaget betre. I tillegg veit vi at det vert sett på moglegheiter for omplassering og justering av drifta med dei som no er tilsette. Alt dette forsvinn som moglegheiter om ein legg ned kaféen. Ein kan snu det heile om og seie: Vi treng dei som er tilsette på huset for at det i det heile skal vere aktivitet i huset, og då er det jammen flaks at dei også kan drive kantine for Firda vgs og dei som arbeider der og i kulturhuset – slik at ein får inntekter! Kaféen er del av huset som aukar inntektene og aktiviteten i kulturhuset og gjer at dei ressursane ein har skaper ekstra inntekter som igjen skaper eit levande kulturhus for alle som er innom.

Biblioteket

Her er det sett fram forslag som vil gje ein reduksjon frå det vedtekne 2020-budsjettet på 690.000 kr. Og delar av innsparinga skal skje ved at ein legg ned filialen på Byrkjelo og med det 40% stilling. I tillegg vert biblioteket i Trivselshagen stengt laurdagar (ca. 6% stilling). Ein tek også kr 80.000,- frå innkjøpsbudsjettet – altså bøker, film, spel og anna som biblioteket har til utlån. Hyen ligg ikkje inne i desse tala, den reduksjonen er teken tidlegare.

I tillegg skal drifta reduserast med opp mot kr 250.000,- og vi vil gjerne vite kva dette inneber. Biblioteket er ikkje berre ein plass for utlån av bøker. Det er også ein sosial samlingsplass som er gratis, som har levande og fagleg oppdaterte menneske som kan hjelpe og svare på spørsmål, ein stad der unge og eldre møtest og ein viktig samarbeidspart for mange andre arrangørar. Med andre ord er dette også ei nedskjering som får ringverknader i både smått og stort. Biblioteket vårt er i dag ein institusjon med høgt fagleg nivå som ein må ta vare på. Dei har eit særs høgt aktivitetsnivå i form av eigne arrangement, andre som nyttar lokala, utlån og folk som kjem innom. Det er og verd å merke seg at biblioteket er ein institusjon som har fått utvida oppgåvene sine kraftig dei siste 20 åra, og vi ser eit bibliotek som stadig opnar seg for nytt samarbeid og nye menneske – medan ein dei siste 20 åra har redusert stillingane knytt til biblioteket med ca. 70 % stilling – før dei nedskjeringane som kjem no. Dei er ein viktig samfunnsaktør for alle lag av samfunnet og store delar av kulturlivet, og dei er ein viktig del av livet i Trivselshagen. Ein må sjå innskrenking i aktivitet i kulturhuset, biblioteket og kulturskulen i samanheng!

Kan ein spare seg til fant?

Om utgiftene ved bruk av kulturhuset går opp, service, hjelp og anna går ned og huset ikkje lenger er eit aktivt hus som i seg sjølv generer publikum, og også gjer det attraktivt for folk å ta turen – kvifor skal vi då nytte kulturhuset? Kan hende det lokale kulturlivet heller vil gå andre og rimelegare stader med produksjonane sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kulturmidlar

Det er varsla kutt i dei midlane kommunen yter til frivillige lag og organisasjonar og festivalane. Kor mykje forsvinn og korleis vert dette fordelt mellom kor/korps/spelemannslag/dansarlag og festivalane? Toler lag og organisasjonar dette kuttet? Kor mykje aktivitet og tilbod til heile befolkninga forsvinn ved dette tiltaket?

Det har og vore slik at kultursjefen har hatt nokre midlar ein kan søke på gjennom året. Kulturlivet er eit dynamisk felt. Det er ikkje alltid ein veit i januar kva det er aktuelt og mogleg å arrangere i september eller november. Den vesle potten det har gått an å søke på gjennom året, har hatt store ringverknader for feltet. Kva skjer med denne?

Til saman er dette dramatiske kutt for eit kulturliv som no er sterkt og tydeleg, men særs skjørt om ein byrjar ta vekk nokre element. Det har vore sagt mange gonger, også no i koronatida – kulturlivet er eit finmaska nett, og dreg du i ein tråd vil heile feltet verte råka. Tek du dei nedste korta i eit korthus, er det ikkje hjelp i om dei øvste er godt bygde opp. Og vi veit alle at det tek lang tid å bygge stein på stein, kort på kort opp att.

Til slutt – vi må få nemne Holvikjekta – sjøens stavkyrkje, den einaste i sitt slag i verda, står på Sandane, kan framleis reddast, men om Gloppen kommune trekkjer seg ut, forsvinn pengane frå både fylkeskommunen og staten samstundes - og då er jekta tapt for all framtid. Ho kan ikkje vente!

Når det gjeld omorganisering av kommuneadministrasjonen har vi forståing for at kommunedirektøren vil tilpasse den til den utvalsstrukturen som er i politisk organisering. Og så er vi særs uroa for at det ikkje skal vere eit menneske som tek hand om kultursaker og er eit bindeledd mellom alle dei felta vi nemnde innleiingsvis. Kultur er noko anna enn teknisk avdeling, landbruk og miljø. Vi har behov for nokon å vende oss til, som forstår feltet og kan vere med å utnytte den ressursen vi er for folk i Gloppen. Derfor er vi jo glade for at de har omrokkert noko mellom folk på heradshuset og peika på ein som kan vere vår kontaktperson dei neste tre månadene, men så... kva har de tenkt då? Vi vonar de tek feltet med på råd!

Det er fleire drastiske kutt som rammar mange delar av kvardagslivet i Gloppen no. De synest kan hende ikkje dei tiltaka som rammar kulturlivet er så store? Vi vil gjerne sjå eit oppsett der kutt i dei ulike sektorane er sett opp som prosentdel i høve prosentdel i kommunen sitt store budsjett.

Gloppen kommune sin visjon er “Ein rikare kvardag - midt i verda”. Kva skjer med kvardagane våre om vi ikkje kan gå på kor eller korps lenger fordi koret/korpset ikkje får tak i eller har råd til dirigent lenger, eller medlemsavgifta er blitt så høg at ein ikkje har råd lenger? Eller at kora må ta så høge billettprisar at det berre er for dei få å høyre og sjå dei? Kva skjer med kvardagane våre når aktiviteten i kulturhuset går drastisk ned og ikkje kan ta inn anna enn dei mest kommersielle konsertane? Eller ungane ikkje kan vere med i korpset fordi det kostar for mykje? Kva skjer med dei busette kunstnarane og musikarane som gir og gir til samfunnet her langt over det ein vanleg arbeidstakar ville gå med på – fordi dei brenn for faget sitt, og med ei lita fast inntekt i botnen kan dei gjere nettopp det – yte der det opnar seg ei moglegheit? Ein kan ikkje setje eit kulturliv på pause og tru at det kan setjast i gang att om tre år eller kva det no blir.

Kulturlivet bidreg i aller høgste grad til at Gloppen er ein stad midt i verda. Vi hentar artistar og impulsar til Gloppen, i kvardag og fest. Skal vi halde fram med det, eller skal ein tru at vi har nok med oss sjølve?

Artikkelen held fram under annonsen.

Kultur er limet i samfunnet – og vi treng det meir enn nokon gong. Tek de sjansen på å løyse opp dette limet?

Arve Kleppe – dagleg leiar Norsk country-treff, Festivalforum i Gloppen

Hanne B Oftedal – Festivalforum i Gloppen, Arbeidsgruppa for kulturforum,

styreleiar Gloppen Musikkfest, forteljar, musikkterapeut, styremedlem Musea i Sogn og Fjordane,

Paul Rune Daviknes – leiar Austrheim mannskor, Arbeidsgruppa for kulturforum

Marianne Ryssdal – Matamål, Festivalforum i Gloppen

Torstein Kollevåg – dagleg leiar Sølvane gard, Arbeidsgruppa for kulturforum

Remi Tystad – Gloppen Musikkforum, festivalsjef Glopperock, Festivalforum Gloppen

Artikkelen held fram under annonsen.

Hans Andenæs – festivalsjef Fjordblues

Tone Støylen Holgersson – lærar og distriktsmusikar, piano

Henrik Silfverhielm – lærar og distriktsmusikar, cello

Otto Ose – lærar og distriktsmusikar, trompet, fiolin og bass

Thomas Aanonlie – lærar og distriktsmusikar, slagverk

Ann-Margrit Silfverhielm – lærar og distriktsmusikar, song

Aud Marit Skarrebo Holmen – Biletkunstnar, Lærar i visuell kunst Gloppen kulturskule, Lærar i visuell kunst Bremanger kulturskule, Styreleiar i Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane

Simona Fraas Jonsen – musikkterapeut

Artikkelen held fram under annonsen.

Lisbeth Stensaker – Nestleiar Breimskoret

Inger-Anne Skeistrand – Leiar Rygg songlag

Harald Aske – Nestleiar Vereide kyrkjekor

Eivind Kandal – Songar

Torbjørn Gran – kulturarbeidar

Åshild Lerpold – dansepedagog

Hege Woxen – forfattar

Gunn Tone Moen – kulturarbeidar

Vibeke Oskal – Skuespiller og instruktør

Vegard Hjartholm – Nestleiar Fjæra Bluesklubb

Anders Rinde – organist

Marita Kleppenes Sårheim – Servicemedarbeider i kulturhuset

Olin Almenning – Servicemedarbeider i kulturhuset

Turid Bjørkeland – Servicemedarbeider i kulturhuse

Ranveig Strømmen Evebø – Servicemedarbeider i kulturhuset

Judith Karin Bakketun – dansepedagog

Helena Heggli Walseth – dansepedagog

Are Voll – lærar gitar, Gloppen kulturskule

Olai Førsund – musikar

Arne Søholt – musikar

Bjørn Inge Solheim – leiar Gloppen Janitsjar

Geir Skagen – sekretær Gloppen Janitsjar

Elisabeth Røgeberg – lærar, klarinett